Lauvaas Lyrikk

Poesigalleri – SigveLauvaas – Landskap, Kunst, Ord

Date archives April 2013

Uncategorized

LANDSKAP* I-V (1965-69) DIKT Sigve Lauvaas s.14-23



TREDJE DEL – DIKT 1967
*14 
TRØYST
Havet er trøyst i lengt.
Landet, mitt land ligg i aust.
Rett ved sida mi høyrer eg draumen,
ei draumerøyst.
Eg såg himmelen høgt over kvelvet.
Det glinsa i nysprungne tre.
Då visste eg himmelrike var der.
Men så gjekk tanken si eiga skute.
Namnet var Wiris, masta var blå.
Eg var på veg heim, stod ved roret
og retta mitt blikk mot det fjerne,
kor lengten var.
Så kom eg til heimlege strender
ein morgon med’ sola steig.
Og dei eg møtte vart rare,
dei trudde eg ikkje var meir.
Så kom snøen.
Det kom snø på kvar ein topp.
Det er ikkje blått alt auga ser.
Auga mitt vart tårevått.
Er mor mi heime, sa Gro til Per.
Å ja, ho er i kjøkenet.
Og på marka dirra kornet
og i fjorden står fisken i steng.
Her er mat for svoltne munnar.
Nå kan vi fylle vårt bord
og legge i lake, og tørke sol.
*15
SVAR I DRAUM
Eg såg ei jente på den steile stranda
ein føremiddag i draumen.
Ein tone kom og tonen steig
frå fjord til fjell,
og opp til himmelen.
All ånd, all makt på denne jord,
steig opp, gav svar på hjartebrus.
I GAMLEHUSET
Eg står her på romet
og tittar ut i ein glugg.
Her er ikkje vindauga,
men hol i planken.
Huset er eit gamalt slott,
eit hus for ferdafolk.
Går du over golvet
høyrer du det lever.
Det brest og skrik i vinden.
Og kjem det folk på vegen,
trur dei nok at folk går att.
Så er det berre eg,
eit strå i denne verda.
EG LENGTAR HEIM
Eg lengtar heim til mitt fedreland.
Eg lengtar til frie strender.
Det blåe hav set tanken på flog.
Her siglar grågåsa i plog.
Livet er både opp og ned.
Eg kviler på pute, eg kviler på stein.
Eg høyrer bølgjene gneg mot strand.
Eg lengtar heim til mitt fedreland.
*16
EG DIKTAR
Eg diktar om regnet,
Maria og blomen.
Eg diktar om døden
og febernarkosen.
Eg diktar om rastlause
jenteføter,
om sola og månen
og Samfunnets støtter.
Eg diktar om livet
frå fødsel til grav,
om kvelande tankar
på Stillhetens hav.
Eg diktar, kan hende,
eg skriv mitt blod,
og graset på marka
og augo med ord.
Eg diktar om sjela
som kysser i støvet
og funklande stjerner
i brudesløret.
Eg diktar ei verd
av stråler i mørket.
Eg diktar eit byggverk
i Skaparens ørken.
TAKK
Takk for freden, takk for ljoset.
Takk for vona i ditt bad.
Takk for alle gode minne.
Takk for vener, søsken, vegen.
Takk for alt som du oss gav.
Takk for smil og latter, tårer.
Takk for gleda i ditt ord,
Takk for draumen, lengt og syner,
Takk for maten på vårt bord.
Takk for landet som du gav.
Takk for kjærleiken, og nåden.
Takk for englevakt i stova.
Takk for bøna som du bad.

*17
SKYER PÅ HIMMELEN
Vi ligg flate på marka og søv.
Så kjem regnet.
Skyer på himmelen tyder alltid noko.
Vi må halde oss vakne
og finne epla.
Vi skal verte til noko stort.
Vi skal sjå ned frå himmelen,
sjå med nye augo ein gong.
Men i dag regnar det, det regnar
over heile livet vårt.
Nå skal det som var gale bort,
og dei skitne kleda skal vaskast.
Vi treng sanneleg skyer på himmelen
i ei slik vanskeleg og skiten verd.
Men hadde det ikkje vore for sola
så hadde vi ikkje sett noko,
og då var vi like glade.
KJÆRLEIK
Eit møte mellom mann og kvinne, eit møte,
ei bru mellom folk.
Det opnar seg eit landskap, ein by
med farga klede.
Han kom ganske nær henne
og ho granska augo hans.
MEG SJØLV
Her er eg nå. Kvar dag er lagt på is.
Om hundre år er draumen min
i Paradis. Eg et eit eple, tenkjer
alt eg skulle gjort.
Om alle dei eg møtte
kjem eit segl,
og berre gleda strøymer på.
Eg ser meg rundt, og kjenner kvar og ein.
Som sysken er vi nå, og meir enn det.
Eg er meg sjølv.

*18
SEGN
Det gjekk ein framand gjennom kyrkjeleet,
ein liten svein med store tankesviv.
Han kom frå barndomsheimen,
frå eit liv med sut og slit.
Så møtte han kulde i livet,
denne skulen med lov og rett.
Han gjekk som ein draum gjennom verda,
gjekk til den mørke natt.
Så vart han segna dei hugsar,
han som for vegen – og vart vill.
Visste ein noko om dette, om draumen,
så kunne livet vorte noko anna, ei open dør.
Guten gjekk heim om kvelden,
fann seg ei hardingfele
og spela så fjellet rivna,
og guten vart bergteken.
BARNETID
Då eg få’e vintrar var, var mitt liv og all min song:
glede, harmoni. Ei kjensle av kjærleik
strauk meg over håret og panna.
Eg var så fri, eg kjende meg som fuglen.
For berre eg er etla til mitt kall.
Heile denne verda er mi.
Eg ropte fram eit kvad. Eg kjende denne straum
av vår og vokster. Ennå er eg ung. Eg skal få leva.
VÅRT FLAGG
Nå heiser vi vårt flagg
i vinden. Der er du.
Ja, heile landet er med.
Det er fest frå fjell til fjord.
Vi syng i kor, vi syng i sus av lauv
for fedrejord, og eg og du.

*19 
MEG SJØLV
Eg skrumpar inn, eg fell ifrå,
og det eg vil, er det eg må:
Sjå Den norske løva,
gå inn gjennom porten,
finne meg sjølv der.
Eg tenkjer og trur:
mennesket er ikkje berre ei gåte.
Og fell eg ifrå,
må andre sjå.
Vi treng framtidsvoner
å leve på.
DRAUM
Då eg sovna inn i kvelden
og draumen reiv meg med –
såg eg guten min i farten,
høyrde fossen
og vakna.
Han kom inn døra.
Draumen kjem og fer.
Guten hadde gått over myr,
heim til farsgarden.
Her var vår med grøne vollar
og sola spegla seg.
VEGEN
Vegen er bratt, fjellet er steilt.
Himmelstigen er draumen.
Og syner kjem frå fjerne land.
Alt er eit under. Kvinne og mann
leikar som born i skogen.
Og vegen stig mot det vakre nord.
Borna syng i englekor,
og presten les fastebøner.

*20
EPLETREET
Heime har vi epletre, mange epletre.
Ser du dei i rad og rekkje,
så er det lett å telje.
Epletreet ved huset. Bestemor sitt epletre
vart råka av lynet ei natt,
og trestammen vart splintra i to,
men epletreet har vokse saman nå
og ber god avling
annakvart år.
Det er søte eple,
og mange andre sortar eple.
Far er ein podemeister.
Kan du sjå treet frå vegen?
Ser du eit gamalt tre?
Men epletreet skal stå.
Epletreet er eit minnetre
frå den gong bestemor levde.
Ho planta treet, eit lite frø.
UNDER EIT PLOMMETRE
Så mange tankar som fer forbi.
Eg skriv dei ned,
og legg dikt på dikt i eit perleskrin,
og søkk det i myra.
Om hundre år er plommetreet borte,
men dikta mine – i myra
skal nokon få sjå ein dag,
og undre seg.
*21
EIN GILD DAG
At eg skulle sjå deg,
og du meg,
det gjorde meg glad.
Om vegen til ditt hus
var bratt å gå,
eg gjekk kvar dag
eg kunne kome i frå.
Vi hadde ein hest,
fem kyr og gris.
Om sommaren gjekk vi
og plukka bær.
Eg møtte deg,
og alt gjekk så lett.
Eg ser deg i alt.
Du er den eg vil ha.
JESUS GRET
Lasarus døydde. Jesus gret.
Han græt når du ikkje kan fylgje hans bud.
Jesus si hand er ei hjelpande hand.
Han trøyster og lækjer di sjel,
han gjev styrkje til deg,
du som roper hans namn.
Jesus elskar deg.
Han reiser deg opp or grava,
han gjev deg si hand.
Jesus opnar si dør til himmelen.
Han skriv ditt namn,
og han ropar deg ut or mørkret.
Du er i hans famn.
Jesus elskar deg.
*22
GRØNE MARKER
Grøne marker tidleg,
før snøen har gått or fjell.
Grøne marker i menneskedjupet,
ein grøn kveld.
Ungdom, så grøne som marka,
ungdom med blad og blom.
Grøne marker for alle
som gjev styrke og mot.
Grøne marker for dyra.
Grøn er din barndoms dal.
Grøne marker for livet
som gjev oss sitt kvad.
SAMLING OM SONG
Dei samlast, dei song
dei unge. Eg var ei kvardagssjel.
Kvar kunne mitt hjarta brunne
sterkare enn her?
Samling om song og tonar,
samling om liv og latter.
Kven gav den fagre dalen,
kven gav dei fagre skattar?
Nokon fekk sjå seg sjølv,
andre fann nokon å lyfte.
Alle fekk bør å bere,
alle fekk røyne sin styrke.
Dei unge i dag, dei unge
med song i sitt hjarta og livet,
dei unge som eig ei framtid.
Gjev sola måtte skine.
*23
MOR
Så mykje du gjorde og gjer,
utan klage.
Så stor glede du eig i borna.
Så fine draumar for oss
at gleda di var å gi,
gi kjærleik og varme.
SEG SJØLV
Kvar må vere seg sjølv,
Som stein og gras og tre.
Men å vere eit menneske,
Det er noko meir.
Vi har ei sjel.
Kvar har si eiga sjel.
Kvar har eit hjarta, ein tanke.
Og kvar har ein ven.
Minst ein ven.
Vi er ikkje seg sjølv nok.
Alle treng mat og varme.
Alle treng kjærleik,
Nokon å vere glad i.
Seg sjølv kan vi sigle for open sjø.
Båten og masta er alt vi eig.
Ein gong kjem vi fram til dei framande.
Da er det godt å kjenne seg sjølv.
MÅNE
I natta svarte ligg månen og ler
og gyngar på felestrengen.
Og solauga glir i havet.
Månen siglar i båten sin,
lyser og lokkar i natta.
Månen speglar, og månen skin.
Den som vil kan sove.

Uncategorized

LANDSKAP* I-V (1965-69) DIKT Sigve Lauvaas s.1-13

LANDSKAP
I-V
Dikt
1965-1966
1967-1968
1969

                                                                 
Sigve LAUVAAS
NOBEL FORLAG
FØREORD
Med denne samlinga av dikt har eg funne plass for dei første vers, dikt frå 1965-1969, ein samling i fem deler. Dette er ein revidert og utvida utgåve. – Eg har måtta fila og pussa på ein del av dikta, men så har også lang tid lide. Mest alle dikta som nå stig fram i bokform, er ikkje tidlegare komne på trykk. Det er eit vell av tankar som bur i mennesket. Og det er underleg med dette ordet – som får sjela til å lyfte seg. Vi er nok alle på veg med noko, berre vi kjenner etter.
Soga fortel om Ordet si skaparkraft. Eg sjølv brukar ordet i dikt. Det er ein del av livet å setje ord på tankane, det er trøyst og styrke i tida. Eg ønskjer at mange vil finne hugnad i orda som nå kjem, silte og ferdige. Ord er som eit brev, det vil gjerne
møte nokon heime.
Dette er første samling dikt frå mi hand. Å la desse dikta kome for dagen, er som å utgje seg sjølv. Diktinga har auka på seg for kvart år, med ein topp i 1971 og 1972. Vegen for oss alle kan vere kroket, men fram skal vi – med heile vår sjel. Opne er vi berre for dei næraste. I dikta brettar eg livet ut. Slik er eg, slik har eg levd. Og ingen kan gøyme seg for sola. Og sanninga skal fram. Vi er berre tenarar for Ordet.
Dikt frå min kvardag kan vere tunge og triste, men i blant stig sola fram. Med denne samlinga er første bandet i serien DIKT I SAMLING eit faktum, og eg ønskjer alle gode lesarar til lykke på reisa i eit nytt landskap.
Forsand, 17. juli 1990. Forsand, 17. juli 1992. Helleland, 17.juli 2007
Sigve Lauvaas
Copyright:
Lauvås Forlag 1994
Nobel forlag 2007
ISBN 82-7187-011-1
FØRSTE DEL – DIKT 1965
*1
MIN FAR
Min far, dette landskap,
desse arbeidsnevar,
jorddyrkaren, gartnaren, bonden,
skogsmannen, steinmannen, hjartemannen,
min far i ein båt på fjorden
på sine gamle år.
Han tykkjer han må gjere noko
med den vassjuke molda
og grev og grev,
veitemannen, kjeldemannen,
min far.
SOMMAR
Nå er dagen komen, nå veks blomen
og sola stig og borna spring
og verda syng
og fuglen byggjer av strå sitt slott.
Høgt syng dei små i dal og li
ein sommar.
EG TENKJER
Eg må tenkje om verda sviv,
om alt går rundt seg sjølv.
Eg går i fjell i tidleg vår,
eg høyrer fly.
Eg drøymde krig natt etter natt,
eg bad til Gud
at kampen måtte gå forbi,
og eg vart fri frå mareritt,
og vinden ulte:
Tida har det beste svar.
*2 
BJØRK
Eit bjørketre, eit tre med lange røter
kryp inn i stova, inn
i alle folk,
og fuglar byggjer
og dreg sin veg.
Ei bjørk er sogesus i meg.
Eg kan ikkje hogge mitt eige tre,
kan ikkje gå med eit banesår.
Varleg kjempar vi, varleg trør vi
og går vår veg
og høyrer ord og namn
og klemt frå kyrkjetårn.
I MØRKE NATTA
Nå søv eg, søv i natta, søv
og tida dreg forbi.
Eg drøymer tidt, eg har ein draum
og vaknar
og ser sola snur.
Mørke natta.
Snart vil ljoset stige
og du vil vere der.
Eg står under eit tre aleine
og du er i vinden
og vi går ein morgontur.
I NATTA
I natta seine eg såg ein engel,
ein kvit engel, eller
var det Jesus.
Tanken sveiv, tanken steig mot himmelen
og Gud stod ved sida mi.
Eg var urørleg, svimmel.
Så gjekk eg ut i hagen min.

*3 
SKULE
Ein gut gjekk til skule
sliten, trøytt.
Læraren gav lekser, men
guten ville ut i skogen.
Han la seg under eit tre
og sovna der, og vakna
då skulen var slutt,
og guten var glad.
Guten gjekk sin eigen veg
ut i verda, og fann gull.
Han stridde for landet
og hadde diktargåva, og teikna.
Han døydde tidleg. Minne
reiser seg, og bileta fortel.
Guten var mild som ei sol,
men kvass som ei øks i ord.
EI GRAN
Ei gran er ei gran, ei osp ei osp.
Eit tuntre har mange greiner.
Vi er tre med hender i luft.
Vi har vinterfrakk.
Medan sommarsola skein
beit fisken i fjorden.
Fuglen fauk frå grein
og vinden kom og vinden kvein.
Og elgen renn inn i skogen
i lange svarte netter,
og grana dirrar og månen skin
i snø og vinterspor.
*4 
VÅRTONAR
Vinden skuva mot osp, mot gran,
sola i åsen blenka.
Lykkelege tider, eg ventar ein ven.
Spegelen gir oss eit bilete
og talar så reint som eit hjarta.
NOREG
Det landet eg kjende
som liten gut,
var Noreg med øyar og skjær.
Dei ukjende land ser eg bort ifrå
når Noreg, mitt land, er meg nær.
Eg ser det så for meg
på havet, det blå,
det landet i nord, som eg er ifrå.
Noreg, Noreg.
MIN GAMLE STAV
Min gamle stav, mitt gode stø,
du kjære, la meg ikkje trø.
Du er meg til glede,
du er meg til gagn.
Når natta kjem
er du mi segn.
LANDSKAP
Opp og ned, bort og fram,
Det er livets altargang.
Audmjuk må vi alle vandre.
Døden er bak alle andre.
Vi skal leve.  Lat det skje.
La oss alle finne varmen,
kjærleiken i vinduskarmen,
vakne opp i landskapet.

*5 
EG SKRIV
Eg skriv namnet,
og namnet skriv meg.
Livet er kort.
Kor gamal er eg?
Eg skriv i stein.
Ordet skal vara.
Ordet er gåva.
Alle lyt svara.
Eg skriv namnet,
og namnet er eg.
Livet er blomen
på Herrens veg.
DU FINN IKKJE NOKON
Ingen er som du.
Du finn ikkje nokon på vegen
som er akkurat slik.
Ingen blad på treet
har same nett av trådar.
Ingen vev i Herrens hus er kopi.
SOL
Så lenge eg lever er du mi sol,
Ei stjerne i livskvelden.
Eg ser deg i draum.
Eg lengtar til deg,
Natt og dag, så lenge eg er,
Og du er mitt lys,
Kraft og veg, på blåe hav.
Eg elskar deg.
ANDRE DEL – DIKT 1966
*6 
VEGEN 
                                                                                                 
Vegen kan vere bratt
for ein liten kropp,
vegen kan vere tung
for ei gamal kjerre.
Men ungguten må halde fram
og jenta må aldri gi opp.
Vegen skal møtast for alle.
         
Vi er alle ein veg,
og vi skal alle svare
for det vi gjer.
UNGDOM
Ungdomen går til skule, ungdom les,
ungdomen skjønar mykje, og dei ser.
Det går fram med tida.
Tida er her.
Det rullar som havet, som bylgja
fram til ei ny verd,
fram til siger.
JORDA SKJELV
Det er langt på natt, jorda skjelv,
ørkensanden sveipar over Afrika.
Menneskebarnet leitar i sanden
etter ein oase, vatn.
Kamelane stuper, ørkenhundane gøyr
før dei roar seg.
Jorda skjelv for våre føter.
Alt er i oppløysing.
Det kan ikkje halde fram slik lenge
med dirrande sol,
med blod langs vegane.

*7
LIVET
Nå skal eg på nytt få leva
og veksa i ord og draum,
og saman med husbonden slita
og vera ein silkesaum.
Nå skal eg stiga, og takka i hand
dei vener eg møtte.
Eg skriv ned i ei bok det eg veit,
og ein gong skal slekta få kjenne min veg,
og striden eg braut, og livet,
og alt eg laut lida.
Eg skal finne fram perlene,
Krystallkula og spegelen,
Og dikta i syner og draumar.
SOV GODT
Nå er det mørkt på jorda. Sov godt.
Sov alle fuglane mine.
Og du skal sove, vesle bror.
Sov godt, sov i fred.
På bordet står ei krukke med gull.
Sov godt i natt.
I morgon kjem di eiga mor frå Afrika.
Du er ein skatt, ei perle fin.
Sov, min vesle bror, og drøym og drøym
at alle born har det godt på jord,
at alle våpenhus er brende ned.
I morgon skal vi synge, bror, om fred.
*8
DET GAMLE EIKETREET
                                     
Den gamle eikekrona bøyer seg i storm.
Vinden ruskar i greinene
og jagar over mark og eng.
Dyra står med luta nakke
og ser den siste timen kjem.
Det brakar laus, det blenkjer lyn
frå himmelkvelv.
Soga får nye namn. Gravplassen ventar.
Våren kjem grøn, og hausten,
og vinteren kjem,
og eika står med sin veldige kropp
og ragar i sky.
Så kjem orkan,
og eiketreet brest, og jorda skjelv,
og borna og dei vaksne græt.
Så vert det kveld.
I DRAUMEN
Eg gjekk i draum, i skog og fjell,
eg gjekk med ord og forma dikt.
Eg låg og stirte mot ei stjerne,
eg talte med Gud Fader sjølv,
eg planta tre.
Av Ordet vart vår skapnad til.
Av Ordet forma Gud si verd.
Ordet, det er draumen min:
å skape lys slik Herren gjer.
ORD
Orda kjem som lys i meg,
som syner, bilete   og draum.
Kvart ord er lykter på ein veg
Som fører opp og fram.
Mot høge tindar går min sti.
Eg elskar å sjå verda frå ei stjerne.
*9 
EIN TANKE
                                                     
Ein kveld skal du sitje med augo i sky
og ri på blåe berg.
Alt vert så kjært når vi reiser ifrå
og alt vert så stort og godt.
Kvar tanke krinsar kring huset då,
alle som levde og alle som song.
Her var eit rike, eit verdsrike,
og amerikabåt. Det var ein gong.
Det inste i alle er som ein merg.
Her lagrar vi vonde og gode år.
Om kvelden heisar vi alle flagg
og går mot ein evig vår.
VI STEMNAR FRAM
Mot himmelheim går båten
ved dag og natt, i stille og i storm.
Det surrar frå ein paveby,
det går eit stille tog i angst for liv og sjel.
Eit himmelbarn, ein satans træl,
ein i rikdom, ein dødsdømd.
Vi stemnar fram.
VINDEN FORTEL
På havet voggar bølgene,
i hagen spirer blomen,
i skogen fyk fuglane,
i kvelden skrik hubroen.
Om natta søv du og eg,
om dagen er vi vakne
og blæs som strå og lauv.
Då vaknar vi og ser,
og du ser på meg,
og eg er strå i vinden
og lauv på treet.
Og vinden blæs og syng.

*10
SKYTTAREN
Skyttaren skaut ei kråke.
Han hadde ikkje mat.
Han kunne ikkje lenger leve
på turrsleikt fat.
Til våren, til våren, sa alle.
Då ville tida snu.
Han kunne vel leve til våren?
Men skyttaren ville ikkje svelte.
Han skaut seg ein bjørn.
Så ribba han kråka og bjørnen
og levde til hausten,
då fekk han eit banesår.
Han døydde og vart gravlagd,
og på grava står:
Her kviler Skyttaren,
han levde av bjørn og kråkelår.
Nå er det stille i fjellet
og skogen er kald og kvit.
EDEL
Kjære Edel, vesle Edel,
du vekte meg or grav.
Du held ditt auga på meg.
Det gjer meg ung og glad.
Kjære, vesle Edel.
Korleis skulle eg levd
om ikkje du var god?
Du er gleda i livet.
Du er som ei sol.
*11
KAMP
I grus, i sand, i mold…
eg låg og grov,
eg trygla og bad etter løynde ting
og feste augo i mold.
Slik er det i Helheimen,
trudde eg då,
å leve blant makkar og troll.
Eg hadde ei bør å dragast med,
ein tanke som dømde meg ned.
Som fjording låg eg og kjendest ved
havet som skvulpa og slo,
og frå toppen av fjellet eg såg
Dalen og kyrkja og gravene der.
Men lengten kom
og røysta slokna mest.
Kvi låg eg og mukka her?
Nå går eg som ein sjukling,
men er eg sjukling eg?
Eg var tyrst og vond,
det brast.
HELSING
Vi er bedne til å vere evig gjest.
Frå barneår har vi lov å kome.
Så søkjer vi heim til den glade fest
som byrjar når livet er omme.
SKULE
Eg føler at vegen til skulen er tung og lang.
Men sola skin, og ein les og grin.
Så er det visdomen kjem, og dagane går.
Så kjem liv i trea, og lyngen syng.
Skulen vert trøyst og hamn for den unge gut.
Heile livet vert fylt av lykke.
Eg lengtar og les, og draumane vert mitt smykke.

*12
BERNDOTTE
Ei kvinne i sin fulle vekst
stod rank og såg i det klare vatnet.
Her spegla ho seg for fyrste gong.
Ho såg seg sjølv, sine eigne trekk,
sitt lange, mørke, krølla hår.
Ei kvinne i sin fulle vekst.
GRIND
I min ungdoms vakre vår:
Eg er gammal.
I mi sjel eg lengting får
Til den store verda.
Grinda er open.
Eg reiser min veg,
Heilt til Amerika.
Ein stad er planta eit lite frø,
Og det veks eit tre, og ein skog.
Ved sida renn det ei elv så fin.
Der føddest eit barn i Jeriko.
Og åra vert mange, og sola skin,
Over stokk og stein.
Draumen om fuglen som fauk i li
Er komen igjen.
Grinda er open. Eg ser eit barn
På veg til eit himmelfjell.
Og snart er ho her, i eit anna syn,
Ho er fager som blomeeld.
Eg ser inn i stova. Eit lite lys.
Eg skulle hatt alle her.
Ei stjerne sloknar, men nye kjem.
Eg elskar dei alle, eg.
*13
NOREG
(Min song, 1966)
Det silar sol over berg og dal,
og vakkert strålespel på marka.
Nå er det vår, og vi heiser flagg.
Og blomelivet vakna.
Hjarta gler seg i song og spel
og helsar dagen med hugnad.
Størst av alt er nå kjærleiken.
Gud signe åker med grøda.
Sjå dagen jublar frå fjell og mo
og minner oss om å takke.
Barn og vaksne har breie smil,
og kyrkjeklokkene kimar.
Det er som Noreg er nytt og fritt,
og alt er song og glede.
Ha takk for landet du har gitt.
Vi syng i kor til di ære, 
BYEN
Langt borte er byen med uro og mas,
og bilar romlar i magen.
Byen vaknar når sola kjem,
og folk går til sitt arbeid.
Byen skin med kalde flir,
og alle borna er heime.
Nå er det sundag i tusen mil,
og parken er så øyde.
Sjølv går eg byrg til eit vennelag,
og møter presten i døra.
Gud signe maten, og kvar ein dag,
kvar sjel i byen må smake.
Uncategorized

LANDSKAP** (1965-66) Dikt av Sigve Lauvaas s.19-27


Side 19-27
MEG SJØLV
Eg skrumpar inn, eg fell ifrå,
og det eg vil, er det eg må:
Sjå Den norske løva,
gå inn gjennom porten,
finne meg sjølv der.
Eg tenkjer og trur:
mennesket er ikkje berre ei gåte.
Og fell eg ifrå,
må andre sjå.
Vi treng framtidsvoner
å leve på.
DRAUM
Då eg sovna inn i kvelden
og draumen reiv meg med –
såg eg guten min i farten,
høyrde fossen
og vakna.
Han kom inn døra.
Draumen kjem og fer.
Guten hadde gått over myr,
heim til farsgarden.
Her var vår med grøne vollar
og sola spegla seg.
VEGEN
Vegen er bratt, fjellet er steilt.
Himmelstigen er draumen.
Og syner kjem frå fjerne land.
Alt er eit under. Kvinne og mann
leikar som born i skogen.
Og vegen stig mot det vakre nord.
Borna syng i englekor,
og presten les fastebøner.
Side 20 
EPLETREET
Heime har vi epletre, mange epletre.
Ser du dei i rad og rekkje,
så er det lett å telje.
Epletreet ved huset. Bestemor sitt epletre
vart råka av lynet ei natt,
og trestammen vart splintra i to,
men epletreet har vokse saman nå
og ber god avling
annakvart år.
Det er søte eple,
og mange andre sortar eple.
Far er ein podemeister.
Kan du sjå treet frå vegen?
Ser du eit gamalt tre?
Men epletreet skal stå.
Epletreet er eit minnetre
frå den gong bestemor levde.
Ho planta treet, eit lite frø.
UNDER EIT PLOMMETRE
Så mange tankar som fer forbi.
Eg skriv dei ned,
og legg dikt på dikt i eit perleskrin,
og søkk det i myra.
Om hundre år er plommetreet borte,
men dikta mine – i myra
skal nokon få sjå ein dag,
og undre seg.
Side 21
EIN GILD DAG
At eg skulle sjå deg,
og du meg,
det gjorde meg glad.
Om vegen til ditt hus
var bratt å gå,
eg gjekk kvar dag
eg kunne kome i frå.
Vi hadde ein hest,
fem kyr og gris.
Om sommaren gjekk vi
og plukka bær.
Eg møtte deg,
og alt gjekk så lett.
Eg ser deg i alt.
Du er den eg vil ha.
JESUS GRET
Lasarus døydde. Jesus gret.
Han græt når du ikkje kan fylgje hans bud.
Jesus si hand er ei hjelpande hand.
Han trøyster og lækjer di sjel,
han gjev styrkje til deg,
du som roper hans namn.
Jesus elskar deg.
Han reiser deg opp or grava,
han gjev deg si hand.
Jesus opnar si dør til himmelen.
Han skriv ditt namn,
og han ropar deg ut or mørkret.
Du er i hans famn.
Jesus elskar deg.
Side 22
GRØNE MARKER
Grøne marker tidleg,
før snøen har gått or fjell.
Grøne marker i menneskedjupet,
ein grøn kveld.
Ungdom, så grøne som marka,
ungdom med blad og blom.
Grøne marker for alle
som gjev styrke og mot.
Grøne marker for dyra.
Grøn er din barndoms dal.
Grøne marker for livet
som gjev oss sitt kvad.
SAMLING OM SONG
Dei samlast, dei song
dei unge. Eg var ei kvardagssjel.
Kvar kunne mitt hjarta brunne
sterkare enn her?
Samling om song og tonar,
samling om liv og latter.
Kven gav den fagre dalen,
kven gav dei fagre skattar?
Nokon fekk sjå seg sjølv,
andre fann nokon å lyfte.
Alle fekk bør å bere,
alle fekk røyne sin styrke.
Dei unge i dag, dei unge
med song i sitt hjarta og livet,
dei unge som eig ei framtid.
Gjev sola måtte skine.
Side 23
MOR
Så mykje du gjorde og gjer,
utan klage.
Så stor glede du eig i borna.
Så fine draumar for oss
at gleda di var å gi,
gi kjærleik og varme.
Å SJÅ INN I FRAMTIDA
Å sjå inn i oss sjølve,
det er framtida vår.
Å sjå kven vi er
kan gje opne sår.
Vi toler ikkje svaret,
det kjem som ei mare.
Å sjå inn i framtida
er å sjå inn i ljoset.
Ingen kan gjere det
utan å verte blind.
Vi sjølve er framtida,
og svaret, at vi er til.
I KVELD
I kveld er eg einsam, i kveld er eg ikkje glad
Eg går med eit svik i hjarta.
Eg hugsar kvart ord eg sa – og ho sa.
Det er kveld, og eg er aleine i verda,
i ein skog, på eit fjell.
Her står eg, og ho som eg ville eige, gjekk heim
I kveld kan alle få meg. Eg er til sals i kveld
Hjarta er uroleg. Eg pinest å gå slik.
Eg skal vekse og verte ei borg.
I kveld skal eg gå inn i borga, legge meg ned
og kvile. Eg skal vakne under open sol
og draumen skal fange meg – i kveld.
Side 24 
EG LEVER
Dette er meg, sjølve meg.
Mitt hovudplagg er teke av.
Eg står ved elva Eufrat og græt,
eg står ved ei open grav.
Eg lever, eg lever som ein Abraham
som tok sin hyrdingstav og gjekk
der Herren synte veg.
Eg lever mitt eige liv, eg ser
meg sjølv gå bort ein dag.
Eit slott står att,
og kven skal arve det?
Eg lever, du, eg lever sjølv
om livet er så tynt som tråd.
Gud skapte oss. Gud skapte med sitt ord
og gav oss augo til å sjå.
FERIEDRAUMEN
Å ha det fritt og flott som byfolk har,
å gå i gatestøv ein dag
og finne parken, med ein benk,
og blomar tett ved sida mi.
Eg orkar ikkje tenkje på eksamen nå,
eg orkar ikkje bere så mykje bøker
på min veg. Ei bør er nok.
Tida krev. Eg spør meg fram til ven, til ven,
og går i vind og klagar ikkje. Eg er fri
og tenkjer fritt, men spør:
kvar skal eg finne venen min
i landet mitt og ditt?
Side 25
I DRAUMEN
Ein sommarkveld med vindauget ope.
På bordet ligg eit ark, eit brev.
Eg skulle skrive for lenge sidan.
Det er ein draum eg ser.
Ho skreiv til meg, ei hjartegod jente.
Eg sit i rommet og tenkjer.
Det bankar på,
og nye augo kjem på vegen.
Og livet blømer fritt. Eg pyntar huset,
og dreg til deg i draumen.
Ei fager kveldssol smiler i rommet.
Du er det vakraste eg veit.
Du er vårsol, lengt,
god som gull,
eit hjarta med heilag fred.
I JESU NAMN
Vi blundar inn i Jesu namn.
Vi vaknar med Frelsaren om bord.
Vi går vår veg ei lita stund,
så møtest vi,
så ser vi alt hos Gud.
Han gav oss ljos, han gav
si eiga sjel for oss.
Hans kjærleik er vår trøyst,
og vegen går om Golgata.
Han gav seg sjølv
for oss.
Side 26
NÅ ER EG FRI
Nå er eg fri frå skulen, nå
kan eg leva fritt,
nå kan eg setja eigne krav
og krevje fridom for vår bror.
Nå kan eg synge fritt min song
og gå igjennom eld og vatn
og finne sjølv det inste
i mennesket, i natta.
Nå er eg fri.
TIDA GÅR
Snart er vi gamle folk. Eg eldest, eg.
Den elsk eg gav, den elsk eg fekk
var vigd til deg.
Den tid som krev vårt rekneskap,
er Herren sjølv, min Gud.
Gi alle må få leve trygt, i fred og tru,
og kjenne deg, som er vår rette far,
mens tida går i veg på hjul,
til vinning eller tap.
VERDA
Verda er ein blomehage.
Kor mange menneske er blomar?
Sjølv er eg konge, ein fuglekonge
som fyk over alle land.
Ei ånd trivst best i fugleverda.
Her er fred mellom alle.
I april, når blomane sprett
skal eg så frø på marka.
Sidan skal eg døy, men leve
i himmelriksverda med Gud.
Trøyste dei små, og lære vegen,
og Herrens heilage bud.
Side 27 
NATT
Med sol i hav, med folk på dekk,
med fisk i garn, og fugl som skrik,
er landet som eit eventyr.
Og månen kjem med gull og sølv,
og fisken vaker til min song:
Eg elskar deg.
Snart er det jul, snart blæs det opp,
og alle halar siste fangst,
og alle får eit farleg strev
å finne land.
Regnet kjem, og regnet ristar
hus og heim.
Vi elskar våre born, vi elskar
dei som elskar oss.
Og dagen går og natta kjem,
og draumen tek oss med.
Ei lydlaus kjerre svingar inn.
Vi er i natta, du og eg,
i eventyret.
HELSING
Helsing til alle ved fjorden:
Jesus går kringom i dag.
Han er sigerherren,
han fører deg fram
til fridom og fred.
Og der får du alltid sjå
herlegdomen, livet i all si prakt.
Slik Gud skapte verda,
slik vil han det skal vera:
utan synd, utan død,
utan naud og last.
Uncategorized

LANDSKAP** (1965-66) Dikt av Sigve Lauvaas s.10-18

Side 10-18
EIN TANKE
                                                     
Ein kveld skal du sitje med augo i sky
og ri på blåe berg.
Alt vert så kjært når vi reiser ifrå
og alt vert så stort og godt.
Kvar tanke krinsar kring huset då,
alle som levde og alle som song.
Her var eit rike, eit verdsrike,
og amerikabåt. Det var ein gong.
Det inste i alle er som ein merg.
Her lagrar vi vonde og gode år.
Om kvelden heisar vi alle flagg
og går mot ein evig vår.
VI STEMNAR FRAM
Mot himmelheim går båten
ved dag og natt, i stille og i storm.
Det surrar frå ein paveby,
det går eit stille tog i angst for liv og sjel.
Eit himmelbarn, ein satans træl,
ein i rikdom, ein dødsdømd.
Vi stemnar fram.
VINDEN FORTEL
På havet voggar bølgene,
i hagen spirer blomen,
i skogen fyk fuglane,
i kvelden skrik hubroen.
Om natta søv du og eg,
om dagen er vi vakne
og blæs som strå og lauv.
Då vaknar vi og ser,
og du ser på meg,
og eg er strå i vinden
og lauv på treet.
Og vinden blæs og syng.
Side 11 
SKYTTAREN
Skyttaren skaut ei kråke.
Han hadde ikkje mat.
Han kunne ikkje lenger leve
på turrsleikt fat.
Til våren, til våren, sa alle.
Då ville tida snu.
Han kunne vel leve til våren?
Men skyttaren ville ikkje svelte.
Han skaut seg ein bjørn.
Så ribba han kråka og bjørnen
og levde til hausten,
då fekk han eit banesår.
Han døydde og vart gravlagd,
og på grava står:
Her kviler Skyttaren,
han levde av bjørn og kråkelår.
Nå er det stille i fjellet
og skogen er kald og kvit.
EDEL
Kjære Edel, vesle Edel,
du vekte meg or grav.
Du held ditt auga på meg.
Det gjer meg ung og glad.
Kjære, vesle Edel.
Korleis skulle eg levd
om ikkje du var god?
Du er gleda i livet.
Du er som ei sol.

Side 12
KAMP
I grus, i sand, i mold…
eg låg og grov,
eg trygla og bad etter løynde ting
og feste augo i mold.
Slik er det i Helheimen,
trudde eg då,
å leve blant makkar og troll.
Eg hadde ei bør å dragast med,
ein tanke som dømde meg ned.
Som fjording låg eg og kjendest ved
havet som skvulpa og slo,
og frå toppen av fjellet eg såg
Dalen og kyrkja og gravene der.
Men lengten kom
og røysta slokna mest.
Kvi låg eg og mukka her?
Nå går eg som ein sjukling,
men er eg sjukling eg?
Eg var tyrst og vond,
det brast.
HELSING
Vi er bedne til å vere evig gjest.
Frå barneår har vi lov å kome.
Så søkjer vi heim til den glade fest
som byrjar når livet er omme.
SKULE
Eg føler at vegen til skulen er tung og lang.
Men sola skin, og ein les og grin.
Så er det visdomen kjem, og dagane går.
Så kjem liv i trea, og lyngen syng.
Skulen vert trøyst og hamn for den unge gut.
Heile livet vert fylt av lykke.
Eg lengtar og les, og draumane vert mitt smykke.
Side 13 
BERNDOTTE
Ei kvinne i sin fulle vekst
stod rank og såg i det klare vatnet.
Her spegla ho seg for fyrste gong.
Ho såg seg sjølv, sine eigne trekk,
sitt lange, mørke, krølla hår.
Ei kvinne i sin fulle vekst.
TRØYST
Havet er trøyst i lengt.
Landet, mitt land ligg i aust.
Rett ved sida mi høyrer eg draumen,
ei draumerøyst.
Eg såg himmelen høgt over kvelvet.
Det glinsa i nysprungne tre.
Då visste eg himmelrike var der.
Men så gjekk tanken si eiga skute.
Namnet var Wiris, masta var blå.
Eg var på veg heim, stod ved roret
og retta mitt blikk mot det fjerne,
kor lengten var.
Så kom eg til heimlege strender
ein morgon med’ sola steig.
Og dei eg møtte vart rare,
dei trudde eg ikkje var meir.
Så kom snøen.
Det kom snø på kvar ein topp.
Det er ikkje blått alt auga ser.
Auga mitt vart tårevått.
Er mor mi heime, sa Gro til Per.
Å ja, ho er i kjøkenet.
Og på marka dirra kornet
og i fjorden står fisken i steng.
Her er mat for svoltne munnar.
Nå kan vi fylle vårt bord
og legge i lake, og tørke sol.
Side 14 
SVAR I DRAUM
Eg såg ei jente på den steile stranda
ein føremiddag i draumen.
Ein tone kom og tonen steig
frå fjord til fjell,
og opp til himmelen.
All ånd, all makt på denne jord,
steig opp, gav svar på hjartebrus.
I GAMLEHUSET
Eg står her på romet
og tittar ut i ein glugg.
Her er ikkje vindauga,
men hol i planken.
Huset er eit gamalt slott,
eit hus for ferdafolk.
Går du over golvet
høyrer du det lever.
Det brest og skrik i vinden.
Og kjem det folk på vegen,
trur dei nok at folk går att.
Så er det berre eg,
eit strå i denne verda.
EG LENGTAR HEIM
Eg lengtar heim til mitt fedreland.
Eg lengtar til frie strender.
Det blåe hav set tanken på flog.
Her siglar grågåsa i plog.
Livet er både opp og ned.
Eg kviler på pute, eg kviler på stein.
Eg høyrer bølgjene gneg mot strand.
Eg lengtar heim til mitt fedreland.
Side 15 
EG DIKTAR
Eg diktar om regnet,
Maria og blomen.
Eg diktar om døden
og febernarkosen.
Eg diktar om rastlause
jentebarnføter,
om sola og månen
og Samfunnets støtter.
Eg diktar om livet
frå fødsel til grav,
om kvelande tankar
på Stillhetens hav.
Eg diktar, kan hende,
eg skriv mitt blod,
og graset på marka
og augo med ord.
Eg diktar om sjela
som kysser i støvet
og funklande stjerner
i brudesløret.
Eg diktar ei verd
av stråler i mørket.
Eg diktar eit byggverk
i Skaparens ørken.
TAKK
Takk for freden, takk for ljoset.
Takk for vona i ditt bad.
Takk for alle gode minne.
Takk for vener, søsken, vegen.
Takk for alt som du oss gav.
Takk for smil og latter, tårer.
Takk for gleda i ditt ord,
Takk for draumen, lengt og syner,
Takk for maten på vårt bord.
Takk for landet som du gav.
Takk for kjærleiken, og nåden.
Takk for englevakt i stova.
Takk for bøna som du bad.
Side 16 
SKYER PÅ HIMMELEN
Vi ligg flate på marka og søv.
Så kjem regnet.
Skyer på himmelen tyder alltid noko.
Vi må halde oss vakne
og finne epla.
Vi skal verte til noko stort.
Vi skal sjå ned frå himmelen,
sjå med nye augo ein gong.
Men i dag regnar det, det regnar
over heile livet vårt.
Nå skal det som var gale bort,
og dei skitne kleda skal vaskast.
Vi treng sanneleg skyer på himmelen
i ei slik vanskeleg og skiten verd.
Men hadde det ikkje vore for sola
så hadde vi ikkje sett noko,
og då var vi like glade.
KJÆRLEIK
Eit møte mellom mann og kvinne, eit møte,
ei bru mellom folk.
Det opnar seg eit landskap, ein by
med farga klede.
Han kom ganske nær henne
og ho granska augo hans.
MEG SJØLV
Her er eg nå. Kvar dag er lagt på is.
Om hundre år er draumen min
i Paradis. Eg et eit eple, tenkjer
alt eg skulle gjort.
Om alle dei eg møtte
kjem eit segl,
og berre gleda strøymer på.
Eg ser meg rundt, og kjenner kvar og ein.
Som sysken er vi nå, og meir enn det.
Eg er meg sjølv.
Side 17 
SEGN
Det gjekk ein framand gjennom kyrkjeleet,
ein liten svein med store tankesviv.
Han kom frå barndomsheimen,
frå eit liv med sut og slit.
Så møtte han kulde i livet,
denne skulen med lov og rett.
Han gjekk som ein draum gjennom verda,
gjekk til den mørke natt.
Så vart han segna dei hugsar,
han som for vegen – og vart vill.
Visste ein noko om dette, om draumen,
så kunne livet vorte noko anna, ei open dør.
Guten gjekk heim om kvelden,
fann seg ei hardingfele
og spela så fjellet rivna,
og guten vart bergteken.
BARNETID
Då eg få’e vintrar var, var mitt liv og all min song:
glede, harmoni. Ei kjensle av kjærleik
strauk meg over håret og panna.
Eg var så fri, eg kjende meg som fuglen.
For berre eg er etla til mitt kall.
Heile denne verda er mi.
Eg ropte fram eit kvad. Eg kjende denne straum
av vår og vokster. Ennå er eg ung. Eg skal få leva.
VÅRT FLAGG
Nå heiser vi vårt flagg
i vinden. Der er du.
Ja, heile landet er med.
Det er fest frå fjell til fjord.
Vi syng i kor, vi syng i sus av lauv
for fedrejord, og eg og du.

Side 18
MEG SJØLV
Eg skrumpar inn, eg fell ifrå,
og det eg vil, er det eg må:
Sjå Den norske løva,
gå inn gjennom porten,
finne meg sjølv der.
Eg tenkjer og trur:
mennesket er ikkje berre ei gåte.
Og fell eg ifrå,
må andre sjå.
Vi treng framtidsvoner
å leve på.
DRAUM
Då eg sovna inn i kvelden
og draumen reiv meg med –
såg eg guten min i farten,
høyrde fossen
og vakna.
Han kom inn døra.
Draumen kjem og fer.
Guten hadde gått over myr,
heim til farsgarden.
Her var vår med grøne vollar
og sola spegla seg.
VEGEN
Vegen er bratt, fjellet er steilt.
Himmelstigen er draumen.
Og syner kjem frå fjerne land.
Alt er eit under. Kvinne og mann
leikar som born i skogen.
Og vegen stig mot det vakre nord.
Borna syng i englekor,
og presten les fastebøner.

Uncategorized

LANDSKAP** (1965-66) Dikt av Sigve Lauvaas s.2-9

LANDSKAP
I
Dikt
1965-1966
Sigve LAUVAAS
NOBEL FORLAG
FØREORD
Med denne samlinga av dikt har eg funne plass for dei første vers, dikt frå 1965-1968. Eg har måtta fila og pussa på ein del av dikta, men så har også lang tid lide. Mest alle dikta som nå stig fram i bokform, er ikkje tidlegare komne på trykk. Det er eit vell av tankar som bur i mennesket. Og det er underleg med dette ordet – som får sjela til å lyfte seg. Vi er nok alle på veg med noko, berre vi kjenner etter.
Soga fortel om Ordet si skaparkraft. Eg sjølv brukar ordet i dikt. Det er ein del av livet å setje ord på tankane, det er trøyst og styrke i tida. Eg ønskjer at mange vil finne hugnad i orda som nå kjem, silte og ferdige. Ord er som eit brev, det vil gjerne
møte nokon heime.
Dette er første samling dikt frå mi hand. Å la desse dikta kome for dagen, er som å utgje seg sjølv. Diktinga har auka på seg for kvart år, med ein topp i 1971 og 1972. Vegen for oss alle kan vere kroket, men fram skal vi – med heile vår sjel. Opne er vi berre for dei næraste. I dikta brettar eg livet ut. Slik er eg, slik har eg levd. Og ingen kan gøyme seg for sola. Og sanninga skal fram. Vi er berre tenarar for Ordet.
Dikt frå min kvardag kan vere tunge og triste, men i blant stig sola fram. Med denne samlinga er første bandet i serien DIKT I SAMLING eit faktum, og eg ønskjer alle gode lesarar til lykke på reisa i eit nytt landskap.
Forsand, 17. juli 1990. Forsand, 17. juli 1992.
Sigve Lauvaas
Copyright:
Lauvås Forlag 1994
ISBN

82-7187-011-1

FØRSTE DEL – DIKT 1965
Side 2-9 
MIN FAR
Min far, dette landskap,
desse arbeidsnevar,
jorddyrkaren, gartnaren, bonden,
skogsmannen, steinmannen, hjartemannen,
min far i ein båt på fjorden
på sine gamle år.
Han tykkjer han må gjere noko
med den vassjuke molda
og grev og grev,
veitemannen, kjeldemannen,
min far.
SOMMAR
Nå er dagen komen, nå veks blomen
og sola stig og borna spring
og verda syng
og fuglen byggjer av strå sitt slott.
Høgt syng dei små i dal og li
ein sommar.
EG TENKJER
Eg må tenkje om verda sviv,
om alt går rundt seg sjølv.
Eg går i fjell i tidleg vår,
eg høyrer fly.
Eg drøymde krig natt etter natt,
eg bad til Gud
at kampen måtte gå forbi,
og eg vart fri frå mareritt,
og vinden ulte:
Tida har det beste svar.

Side 3
BJØRK
Eit bjørketre, eit tre med lange røter
kryp inn i stova, inn
i alle folk,
og fuglar byggjer
og dreg sin veg.
Ei bjørk er sogesus i meg.
Eg kan ikkje hogge mitt eige tre,
kan ikkje gå med eit banesår.
Varleg kjempar vi, varleg trør vi
og går vår veg
og høyrer ord og namn
og klemt frå kyrkjetårn.
I MØRKE NATTA
Nå søv eg, søv i natta, søv
og tida dreg forbi.
Eg drøymer tidt, eg har ein draum
og vaknar
og ser sola snur.
Mørke natta.
Snart vil ljoset stige
og du vil vere der.
Eg står under eit tre aleine
og du er i vinden
og vi går ein morgontur.
I NATTA
I natta seine eg såg ein engel,
ein kvit engel, eller
var det Jesus.
Tanken sveiv, tanken steig mot himmelen
og Gud stod ved sida mi.
Eg var urørleg, svimmel.
Så gjekk eg ut i hagen min.
Side 4 
SKULE
Ein gut gjekk til skule
sliten, trøytt.
Læraren gav lekser, men
guten ville ut i skogen.
Han la seg under eit tre
og sovna der, og vakna
då skulen var slutt,
og guten var glad.
Guten gjekk sin eigen veg
ut i verda, og fann gull.
Han stridde for landet
og hadde diktargåva og teikna.
Han døydde tidleg. Minne
reiser seg og bileta fortel.
Guten var mild som ei sol,
men kvass som ei øks i ord.
EI GRAN
Ei gran er ei gran, ei osp ei osp.
Eit tuntre har mange greiner.
Vi er tre med hender i luft.
Vi har vinterfrakk.
Medan sommarsola skein
beit fisken i fjorden.
Fuglen fauk frå grein
og vinden kom og vinden kvein.
Og elgen renn inn i skogen
i lange svarte netter,
og grana dirrar og månen skin
i snø og vinterspor.
Side 5 
VÅRTONAR
Vinden skuva mot osp, mot gran,
sola i åsen blenka.
Lykkelege tider, eg ventar ein ven.
Spegelen gir oss eit bilete
og talar så reint som eit hjarta.
NOREG
Det landet eg kjende
som liten gut,
var Noreg med øyar og skjær.
Dei ukjende land ser eg bort ifrå
når Noreg, mitt land, er meg nær.
Eg ser det så for meg
på havet, det blå,
det landet i nord, som eg er ifrå.
Noreg, Noreg.
MIN GAMLE STAV
Min gamle stav, mitt gode stø,
du kjære, la meg ikkje trø.
Du er meg til glede,
du er meg til gagn.
Når natta kjem
er du mi segn.
LANDSKAP
Opp og ned, bort og fram,
Det er livets altargang.
Audmjuk må vi alle vandre.
Døden er bak alle andre.
Vi skal leve.  Lat det skje.
La oss alle finne varmen,
Kjærleiken i vinduskarmen,
Vakne opp i landskapet.
Side 6 
EG SKRIV
Eg skriv namnet,
og namnet skriv meg.
Livet er kort.
Kor gamal er eg?
Eg skriv i stein.
Ordet skal vara.
Ordet er gåva.
Alle lyt svara.
Eg skriv namnet,
og namnet er eg.
Livet er blomen
på Herrens veg.
DU FINN IKKJE NOKON
Ingen er som du.
Du finn ikkje nokon på vegen
som er akkurat slik.
Ingen blad på treet
har same nett av trådar.
Ingen vev i Herrens hus er kopi.
SOL
Så lenge eg lever er du mi sol,
Ei stjerne i livskvelden.
Eg ser deg i draum.
Eg lengtar til deg,
Natt og dag, så lenge eg er,
Og du er mitt lys,
Kraft og veg, på blåe hav.
Eg elskar deg.
ANDRE DEL – DIKT 1966
Side 7 
VEGEN
                                                                                                  
Vegen kan vere bratt
for ein liten kropp,
vegen kan vere tung
for ei gamal kjerre.
Men ungguten må halde fram
og jenta må aldri gi opp.
Vegen skal møtast for alle.
         
Vi er alle ein veg,
og vi skal alle svare
for det vi gjer.
UNGDOM
Ungdomen går til skule, ungdom les,
ungdomen skjønar mykje, og dei ser.
Det går fram med tida.
Tida er her.
Det rullar som havet, som bylgja
fram til ei ny verd,
fram til siger.
JORDA SKJELV
Det er langt på natt, jorda skjelv,
ørkensanden sveipar over Afrika.
Menneskebarnet leitar i sanden
etter ein oase, vatn.
Kamelane stuper, ørkenhundane gøyr
før dei roar seg.
Jorda skjelv for våre føter.
Alt er i oppløysing.
Det kan ikkje halde fram slik lenge
med dirrande sol,
med blod langs vegane.
          
Side 8 
LIVET
Nå skal eg på nytt få leva
og veksa i ord og draum,
og saman med husbonden slita
og vera ein silkesaum.
Nå skal eg stiga, og takka i hand
dei vener eg møtte.
Eg skriv ned i ei bok det eg veit,
og ein gong skal slekta få kjenne min veg,
og striden eg braut, og livet,
og alt eg laut lida.
Eg skal finne fram perlene,
Krystallkula og spegelen,
Og dikta i syner og draumar.
SOV GODT
Nå er det mørkt på jorda. Sov godt.
Sov alle fuglane mine.
Og du skal sove, vesle bror.
Sov godt, sov i fred.
På bordet står ei krukke med gull.
Sov godt i natt.
I morgon kjem di eiga mor frå Afrika.
Du er ein skatt, ei perle fin.
Sov, min vesle bror, og drøym og drøym
at alle born har det godt på jord,
at alle våpenhus er brende ned.
I morgon skal vi synge, bror, om fred.
     
Side 9 
DET GAMLE EIKETREET
                                     
Den gamle eikekrona bøyer seg i storm.
Vinden ruskar i greinene
og jagar over mark og eng.
Dyra står med luta nakke
og ser den siste timen kjem.
Det brakar laus, det blenkjer lyn
frå himmelkvelv.
Soga får nye namn. Gravplassen ventar.
Våren kjem grøn, og hausten,
og vinteren kjem,
og eika står med sin veldige kropp
og ragar i sky.
Så kjem orkan,
og eiketreet brest, og jorda skjelv,
og borna og dei vaksne græt.
Så vert det kveld.
I DRAUMEN
Eg gjekk i draum, i skog og fjell,
eg gjekk med ord og forma dikt.
Eg låg og stirte mot ei stjerne,
eg talte med Gud Fader sjølv,
eg planta tre.
Av Ordet vart vår skapnad til.
Av Ordet forma Gud si verd.
Ordet, det er draumen min:
å skape lys slik Herren gjer.
ORD
Orda kjem som lys i meg,
som syner, bilete   og draum.
Kvart ord er lykter på ein veg
Som fører opp og fram.
Mot høge tindar går min sti.
Eg elskar å sjå verda frå ei stjerne.
Uncategorized

sigvelauvaas poesiblogg (1963-2013)

Hallo alle bloglesere og diktglade mennesker.
Jeg har en del poesi i skuffer og skap. Tiden er nå inne for en «opprydding» og en presentasjon. Dikt, diktbøker, og enkle notater fra 1963 – 2013 vil komme fortløpende. Jeg har ikke rukket å korrekturlese,
så en del ortografisk rusk kan forekomme. Og jeg imøteser tilbakemeldinger fra glade diktlesere i inn og utland.

Hilsen fra sigve lauvaas