Lauvaas Lyrikk

Poesigalleri – SigveLauvaas – Landskap, Kunst, Ord

Uncategorized

sigvelauvaaspoesi1965-69 – (Nye dikt)

Fjell-ill



DIKT I MITT HUS: 1965-69
(Nye dikt)

*1 
LANDSKAP
Opp og ned, bort og fram,
Det er livets altargang.
Audmjuk må vi alle vandre.
Døden er bak alle andre.
Vi skal leve.  Lat det skje.
La oss alle finne varmen,
kjærleiken i vinduskarmen,
vakne opp i landskapet.
HUS
Det er vår i mitt hus.
Syng songar frå farne tider.
Hent heim alle borna som høyrer til,
og syn dei kor syrintreet blømer.
Velkommen igjen og igjen, all dag,
så lenge sola lyt skine.
ORD
Orda kjem som lys i meg,
som syner, bilete og draum.
Kvart ord er lykter på ein veg
som fører opp og fram.
Mot høge tindar går min sti.
Eg elskar å sjå denne verda
frå ei stjerne.
SVAR I DRAUM
Eg såg ei jente på den steile stranda
ein føremiddag i draumen.
Ein tone kom og tonen steig
frå fjord til fjell,
og opp til himmelen.
All ånd, all makt på denne jord,
steig opp, gav svar på hjartebrus,
og lengt i draum og minne.

*2
GRIND
I min ungdoms vakre vår:
Eg er gammal.
I mi sjel eg lengting får
til den store verda.
Grinda er open.
Eg reiser min veg,
heilt til Amerika.
Ein stad er planta eit lite frø,
og det veks eit tre, og ein skog.
Ved sida renn det ei elv så fin.
Der føddest eit barn i Jeriko.
Og åra vert mange, og sola skin,
over stokk og stein.
Draumen om fuglen som fauk i li
er komen igjen.
Grinda er open. Eg ser eit barn
på veg til eit himmelfjell.
Og snart er ho her, i eit anna syn.
Ho er fager som blomeeld.
Eg ser inn i stova. Eit lite lys.
Eg skulle hatt alle her.
Ei stjerne sloknar, men nye kjem.
Eg elskar dei alle, eg.
VEGEN
Vegen er bratt, fjellet er steilt.
Himmelstigen er draumen.
Og syner kjem frå fjerne land.
Alt er eit under. Kvinne og mann
leikar som born i skogen.
Og vegen stig mot det vakre nord.
Borna syng i englekor,
og presten les fastebøner.
*3
NOREG
(Min song, 1966)
Det silar sol over berg og dal,
og vakkert strålespel på marka.
Nå er det vår, og vi heiser flagg.
Og blomelivet vaknar.
Hjarta gler seg i song og spel
og helsar dagen med hugnad.
Størst av alt er nå kjærleiken.
Gud signe åker med grøda.
Sjå dagen jublar frå fjell og mo
og minner oss om å takke.
Barn og vaksne har breie smil,
og kyrkjeklokkene kimar.
Det er som Noreg er nytt og fritt,
og alt er song og glede.
Ha takk for landet du har gitt.
Vi syng i kor til di ære. 
BYEN
Langt borte er byen med uro og mas,
og bilar romlar i magen.
Byen vaknar når sola kjem,
og folk går til sitt arbeid.
Byen skin med kalde flir,
og alle borna er heime.
Nå er det sundag i tusen mil,
og parken er så aude.
Sjølv går eg byrg til eit vennelag,
og møter presten i døra.
Gud signe maten, og kvar ein dag.
Kvar sjel i byen lyt takke.

*4
TAKK
Takk for freden, takk for ljoset.
Takk for vona i ditt bad.
Takk for alle gode minne.
Takk for vener, søsken, vegen.
Takk for alt som du oss gav.
Takk for smil og latter, tårer.
Takk for gleda i ditt ord,
Takk for draumen, lengt og syner,
Takk for maten på vårt bord.
Takk for landet som du gav.
Takk for kjærleiken, og nåden.
Takk for englevakt i stova.
Takk for bøna som du bad.
EIN TONE
Eg såg ei jente på den steile stranda
Ein føremiddag i draumen.
Ein tone kom, og tonen steig
Frå fjord til fjell,
Og opp til himmelen.
All ånd, all makt på denne jord
Steig opp, gav svar på hjartebrus.
MEG SJØLV-1
Her er eg nå. Kvar dag er lagt på is.
Om hundre år er draumen min
i Paradis. Eg et eit eple, tenkjer
alt eg skulle gjort.
Om alle dei eg møtte
kjem eit segl,
og berre gleda strøymer på.
Eg ser meg rundt, og kjenner kvar og ein.
Som sysken er vi nå, og meir enn det.
Eg er meg sjølv.

*5
VEGEN
Vegen er bratt, fjellet er steilt.
Himmelstigen er draumen.
Og syner kjem frå fjerne land.
Alt er eit under. Kvinne og mann
leikar som born i skogen.
Og vegen stig mot det vakre nord.
Borna syng i englekor,
og presten les fastebøner.
VÅR TID
Vi bur i ein antenneskog. Høge hus.
Andlet av stein gjev stråler ifrå seg.
Aust mot vest. Lysande kors i mørket.
Sahara veks. Vatn er eit farleg våpen.
SEG SJØLV-2
Kvar må vere seg sjølv,
Som stein og gras og tre.
Men å vere eit menneske,
Det er noko meir.
Vi har ei sjel.
Kvar har si eiga sjel.
Kvar har eit hjarta, ein tanke.
Og kvar har ein ven.
Minst ein ven.
Vi er ikkje seg sjølv nok.
Alle treng mat og varme.
Alle treng kjærleik,
Nokon å vere glad i.
Seg sjølv kan vi sigle for open sjø.
Båten og masta er alt vi eig.
Ein gong kjem vi fram til dei framande.
Da er det godt å kjenne seg sjølv.
*6
MÅNE
I natta svarte ligg månen og ler
og gyngar på felestrengen.
Og solauga glir i havet.
Månen siglar i båten sin,
lyser og lokkar i natta.
Månen speglar, og månen skin.
Den som vil kan sove.
LANDET
Her kviler auga, her er eg fri.
Dei grøne vollar og bratte fjell
gjer hjarta godt.
Eg elskar desse breie smil
og høge spir.
Eg elskar fjord og fjell og foss
og åkerjord og skog, og eventyr.
Snøen veks og bekken frys, og borna ler.
Nå er det vinter. Våren kjem,
og sommar, haust. Ein krans av sol
og regn, og kjærleiken til deg.
VERE TIL
Meir enn ein gong må vi tenkje.
Diktaren må slipe ord.
Alt vi eig er denne tanke:
Å vere til.
Det er dette som vi ber på.
Heile livet er vi saman med oss sjølv.
Vi treng eit liv å verta kjende,
du og eg.
*7
RØTER
Med røter er treet stort,
enda så lite det er.
Treet er høgt som eit spir
inn i ei anna verd.
Om ein er tyngd av sorg,
kan ein gå  til treet.
Eit tre er liv i alt som gror.
Utan røter, ingen ord.
ORD
Det største er ennå aldri sagt.
Visdommen ligg på eit anna plan.
Vi kan ikkje stupe før ordet er vårt.
Vi tek det i famn, men kan ikkje eige
før sjela er moden og kroppen er varm.
I ROMMET
Lenge er eg i rommet
og ventar at noko nytt skal skje,
at lyset skal kome med venger,
at nokon skal tale gjennom ein vegg,
usynleg, som herren sjølv.
I rommet kjenner eg varmen
og pust av heilage englar.
Eg talar med dei.
ORD
Eg vaknar av ord eg ikkje før har sett.
Ein ny identitet kjem fram i lyset.
Orda pustar i nakken, og eg skrik.
Eg er i fengsel, og kan ikkje sjå
spegelen, biletet, landskapet.
Orda står som ein mur imot meg, og nikkar.
Dei seier: kom igjen, løft meg opp.
Eg skal vere med rundt månen, svinge meg
kring heile verda. Du er min: Kjærleiken.

*8 
VIND
Det er vinden som kjem
ned fjellsida, bortover markene, inn i huset.
Kor skal eg gjere av meg?
Eg er redd dei fælslege vindane
som kryp langs grøftekanten
og stig lynraskt mot alt og alle.
Vinden skåner ingen på sin veg.
Den ropar og ojar som ei vond merr.
Vinden er ustyrleg. Men dei gamle seier,
det letnar til kvelden.
Og eg føler meg trygg,
for eg veit at dei gamle har lag med vinden.
MENNESKE
Du menneske, om du er rik eller fattig,
utestengd eller midt i mengda,
så treng du ein spegel, og ein veg,
eit kart og eit kompass.
Ordet skal vere din vaktar, frå nå av,
og så lenge verda står.
SKYER
Vindane pussar fjellet, og skyer tek av.
Ein stad er det regn eller sol.
Skyer siglar i sør og nord, på blådjup himmel,
og skriv med silkefjør – gåta om livet.
INGEN ER SOM DU
Ikkje i heile verda finn eg nokon som deg.
Du er den einaste blomen eg vil ha.
Ingen stråler kan måle djupna i din vev.
Du er for meg den einaste himmelblom.
Ved natt og dag er du alt eg eig.
Draumen om deg gjer meg glad og lett.
Og aldri eg gløymer dei ord du sa:
At du elskar meg.

*9 
ORD
Eg vaknar av ord eg ikkje før har sett.
Ein ny identitet kjem fram i lyset.
Orda pustar i nakken, og eg skrik.
Eg er i fengsel, og kan ikkje sjå
spegelen, biletet, landskapet.
Orda står som ein mur imot meg, og nikkar.
Dei seier: kom igjen, løft meg opp.
Eg skal vere med rundt månen, svinge meg
kring heile verda. Du er min: Kjærleiken.
Å GÅ
Jamt må eg ut, kvile augo,
kjenne meg heime.
Ut i det nære og kjende
som draumen ber fram.
Sjå inn i stjerner, stire i blått,
til eit varmare land.
Eg er som ein vaktfugl i nord,
og speidar etter været.
Eg må ut i Guds frie natur
og kjenne at eg lever nå.
EI NY TID
Holmane ligg der, dei er som
dottar i vatnet,
og vatnet stig.
Augo rekk ikkje langt.
Tusen steinar er mura opp
mot vinden,
og graset gror og trea stig
og mannen lør steinar på steinar.
Glattslipte i havet
kom dei til gards. Dei rulla inn hagegrinda.
Tone søv. Om morgonen var kyrne i beite.
Ho måla eit bilete og sa:
kyrne mine!
VENGER
Ein kan ikkje fyke
før egget er lagt,
før kornet er mogent.
Ein kan ikkje vakne
før ein har sove,
før ein er født.

*10
TID
Alle har kvar si tid,
Og alle deler rom med dei andre.
Rommet er verda, med slegge og kross.
Tida er hjarta som syng i oss:
Du er rik, du er rik, du er rik!
ALT TIL SI TID
Graset har si tid, og barnet.
Tida er som ei rulletrapp,
som går opp eller ned.
Eg har sett Jakobstigen.
Ingenting kan måle seg med den,
og vere vektlaus i ei uendeleg verd.
KORN       
Sjølv om hausten er komen, og kornet er gult,
er det ikkje visst du kan kjøpe,
for kornet er dyrt.
Korn er det beste vi eig, når vi har det i hand.
Korn er som gull, og lengt – inn i eit anna land.
Korn er som ordet som avlar seg sjølv
og gjev lindring og trøyst, og heilag fred.

*11
MUSIKK
Det ligg musikk i lufta,
usynleg, liksom syrinduft i mai.
Musikken stoppar aldri.
Den kjem meir og meir,
og er som ein symfoni,
berre ein høyrer etter.
Ikkje berre surr av insekt og ljom av vind.
Nei, eg høyrer feleslått og huldrelåt,
og strengespel, og harpeleik.
Ved gamle vegar høyrest stemmer
frå ei faren tid.
Og når alt er stille kan eg sjå
dei spelar nedved elva her.
Og fossen stryk i felelåt.
Det er som livet vaknar når ein går forbi,
og kjenner angen frå ein skog av lyng
som lokkar og nikkar i vinden.
Her er eg og du, som kjærleiksblom
i eikelunden. Og det er kveld,
og sola smiler som ein dirigent,
og glir bak teppet.
DET HEILAGE VATNET
Velkommen, og drikk frå dei heilage kjeldene.
Vatnet gir lækjedom, og du vert frisk.
Frå farne tider har folk funne si frelse i vatnet,
og enno kan folk reise seg opp, og takke.
For det heilage vatnet gir mennesket nytt liv.
TAL
Alt ditt hjarta kan gøyme av sut og skam:
Få det fram! Få det ut.
Alt ditt hjarte kan gøyme av draum og glede:
Få det fram! Så vert du lykkeleg, du.
Og alle kan sjå at gleda du eig –
Stråler som sol og gull.

*12
STILLHET
Langt til fjells er stillhet
I ein avslipt topp,
Som stenger vatnet ute
Og gøymer seg i blått.
Her kviler mange tankar
Kor prest og fant har gått.
Her andar kjærleiksvarme
frå himmelhøge slott.
SISTE ORD
Siste ord vert aldri sagt. Sjølv i møte med døden
er ordet levande, som ei bru inn i ei anna verd.
Ord er som korn som spirer til nytt liv.
Du må opne hjarta for å ta imot visdommen.


DU  ER VAKKER
Kva er det som lyser kring bringa di?
Alt er som lys på vegen din.
Ingen kan sjå deg, og være blind.
Du er einaste blomen min.
Du er vakker. Og vinden dreg.
Eg elskar deg,
Og takkar, takkar
For alt du er: Blomen min.
*13 
LYKKA
Lykka er i oss.
Lykka er hjarta som dreg.
Storhavet spelar si fele.
Vi er på veg.
Som vinden jagar vi verda
Og speglar oss under sol.
Vi er i Herrens tempel,
Og helsar vår bror.
NY DAG
Morgonskodda får gullring.
Insekt surrar og skin.
Takk for eit lykkeleg møte.
Eg diktar, og skogen syng.
I dag vil eg gå i lyngen
Og finne min eigen sti.
Eg vaknar og ser ein spegel,
Meg sjølv i morgongry.

DINE AUGO
Da jorda var kald
Famna du den med ljos,
Framande stjerner.
Og vi vakna under open himmel,
Med fuglekvitter og song.
Der vi gjekk var dine augo
Dag og natt, og vi vart aldri trøtte
Av å høyre dine stemme.
Blomane takkar med smil og latter.
Trea strekkjer sin hals mot din himmel,
Og hjarta slår og klappar i små hender,
Og vinden spør etter deg.
Havet speglar ditt andlet dag og natt
Og trøyster alle med di heilage røyst.
DØDEN
Kven kan måle dødsspranget?
Kven kan gå under eit gamalt tre
Og bli fødd på nytt?
Frøa fyk dit dei vil, og slår rot langs vegen.
Livet vårt rullar som ei kvern i det endelause
Til vi finn kvile i kjærleiken
Som toler alt, og tilgjev alt
Og benkar leia mot målet
Så andre kan sjå.

*14 
FJELL
Nokon visste om fjella
Som kverv i sky.
Nokon på andre sida
Fekk sjå.
Vulkanen ropa i verda ut
Med flammespyd.
Alle fekk ei aning om fyr
Under fjellet
og hjelp til å reise.
Før kvelden kunne dei synge glad
Og takke Gud.
Alle som lever kan reise seg att
Og bygge hus.
UTSIKT
Med vinden i auga, og regnet,
Går eg over høge fjell
Og ned i dalen, som gøymer gull
Etter soleglad.
Frå djupet er utsikt til brattheng og tind,
Frå fjelltoppen stig eg i himmelen inn.
Og alltid eg minnes dei draumar som drog
Høgt over alt, til ei nyskapt jord.
KLOSTER I HELLAS
Dei bygg sine kloster på høge fjell, i fred og ro.
Dei ser i det blå – englespor, og bøyer kne.
Dei syng og dei skriv, dei les og søv,
Og tenkjer på Kristi liding og død
Og det nye liv.

Leave A Comment