Lauvaas Lyrikk

Poesigalleri – SigveLauvaas – Landskap, Kunst, Ord

Uncategorized

LANDSKAP** (1965-66) Dikt av Sigve Lauvaas s.27-34

Side 28-34
MØRKE SJEL
Eg gruvlar titt på dauden,
eg ser syner dag og natt.
Den pinsleverda vi lever i,
slit i oss og dreg oss ned.
Vi legg oss i kvelden, og søv
i kolsvart natt, i draum.
Vår sjel er ikkje løyst av Gud.
Vi lever med tunge lenkjer.
VANDRING
Vi søkjer aust, vi søkjer nord,
vi søkjer vest, vi søkjer sør,
vi kjenner vegar kring eit bord,
vi går til fest,
vi går vår veg
på attgrodd jord.
Vår sti er smal. Vi søkjer opp
mot fjell, mot Gud
som gjev oss fred
og kjenner våre tankar vel.
NORA
Ei jente på fire år, så snill og glad.
Om sundagen ho fer med far
og får sin blom, og får sin mat,
og veks og vert stor.
Snart seier ho farvel, farvel.
Og hunden gøyr når jenta fer.
Vi kjenner alle korleis ho var:
ein draum, ei gåve, eit smil,
og song i barnekor.
Eg lyser fred.
Side 29
MÅLSMENN
Mine målsmenn legg krossane ned.
Striden er ferdig.
Den gamle tida kjem ikkje att.
Ord er ein skatt.
Målsmenn i Gamlelandet
er ferdige med sverdhogg.
Nå må dei plante frø og gjødsle
og la nye skot vekse opp.
MIN PLAN
Eg har tala og lagt min plan, seier Herren.
Heile landet skal verte aude.
Sola skal syrgje og himmelen svartne.
Fangane skal verte frie.
Dei har ofra til andre gudar, seier Herren.
Herrens ord ligg dei ikkje på hjarta.
Andleta deira er harde som stein.
Dei vil ikkje vende om.
Difor må Herrens plan kome til folket.
KONGSTANKAR
Lukkelege dagar på Bikini.
Eg var konge for tretten mann.
Alle ville ha seg ei kone.
Eg gav dei både kone og land.
Dei tala eit mål eg ikkje kjende.
Dei bygde hus.
Eg fekk meg ein båt i gåve,
og sigla ut.
Side 30 
BLOM PÅ MI GRAV
Blom på mi grav,
falda seg ut.
La skuggane tale til dei som ventar
den levande Gud.
Ta meg i handa før eg døyr.
Sjå kven eg er, les det eg skriv.
Notata mine er biografi.
Alt eg er, bind meg til verda,
men Gud gjer meg fri.
Sjå til mi grav,
plant blomar og tre.
Eg elskar det levande strå.
Kvar blom er eit ord for dagen,
born i ei grøderik jord.
Kvart tre er skog for mitt hjarta,
himmelske tonar og fred.
PROLOG
Vi må elske vår far og mor,
vi må heise vårt reine flagg.
Vi må elske vår norske jord
og sjå mot ein framtidsdag.
Vi må vere folket som kjem og kjem
med stadig nye krefter.
Vi er dei unge, vi er
framtida, utan trælekår.
Vi er det nye Noreg.
Sjå til å fyll dine sprukne kar.
Sjå deg i spegelen.
Eit folk som søv er eit skremslesvar.
Vi må vakne, og vekkje våre brør,
elske det gode i verda.
Då vil vi sjå at våren kjem
til alle som lever.
Side 31 
NOREG
Dette er landet du elskar så høgt.
Du ligg på kne under grana.
Mor Noreg, i deg vil eg byggje mitt hus.
Eg vil ri stormen på havet.
Dette landet Harald samla
og Olav kristna med sitt blod.
Noreg står høgt i heile verda
med sitt flagg og kyrkjekor.
Nå er freden komen, kjære.
Landet er ei elska bygd.
Ja, vi elskar fedrelandet.
Freden er vår beste trygd.
HO SA HO VILLE DRIKKE
Det var som eit skremsleskot.
Ho sa ho ville drikke.
Ho brydde seg ikkje meir.
Ho ville henge på gjerdet,
slå livet i hel.
Dei sa ho hadde slokna,
men ho levde i rus.
Kvifor skulle ho morkne slik?
Ho hadde heim og hus.
Det var noko vondt i sjela.
Vondskapen var for stor.
Ho var vorten træl av verda
og høyrde ikkje Herrens ord.
Side 32 
INNOVER
Innover, innover, inst i vårt hjarta
ropar vi: Gud!
Mennesketreet i skogen ropar:
Kven er eg?
Framtida ropar imot oss.
Menneska går med briller.
Det er ikkje berre segn.
Vi skal leve på den nye jord.
Innover, innover, inst er vår folkesjel.
Noreg har mange bruer,
mange stengsler.
Noreg er ei tidsbølgje som ropar:
Hjelp!
DU
Ei sol er du, ei stjerne på mitt hav.
Kvart snøfnugg vitnar om ein draum, om deg.
Du ler imot meg, går din veg.
Ditt hår er falda ut.
Eit jubelbrus i skog og vind
er du som stormar fram.
HUSET
Bror min hadde eit hus.
Eg ville eige det huset.
Ein morgon var huset borte.
Eg kjenner ikkje bygda igjen.
Eit hus og ein morgon
og born som kjem.
Slik er landet, det nye landet,
ved ein annan veg.
Side 33 
KOM I KVELD
Kom hit i kveld,
kom til mitt kloster.
Spør etter meg.
Dine hender talar.
Eg græt i di hand.
Kom, så er vi saman.
Ditt hjarta brenn.
Eg ser i dine augo
i ei anna verd.
EI STUND
Ei stund er vi saman.
Vi gjev av vårt liv.
Ei stund held vi varmen.
Ei stund skal vi sjå dette romet
og bygge vårt alter for Gud.
Så er vi ved same målet.
Ei stund er vi aleine.
Vi elskar og et i lag.
Så ser vi attende og græt.
LANDET
Her kviler auga, her er eg fri.
Dei grøne vollar og bratte fjell
gjer hjarta godt.
Eg elskar desse breie smil
og høge spir.
Eg elskar fjord og fjell og foss
og åkerjord og skog, og eventyr.
Snøen veks og bekken frys, og borna ler.
Nå er det vinter. Våren kjem,
og sommar, haust. Ein krans av sol
og regn, og kjærleiken til deg.
Side 34 
NORGE
(Min song, 1966)
Det silar sol over berg og dal,
og vakkert strålespel på marka.
Nå er det vår, og vi heiser flagg.
Og blomelivet vakna.
Hjarta gler seg i song og spel
og helsar dagen med hugnad.
Størst av alt er nå kjærleiken.
Gud signe åker med grøda.
Sjå dagen jublar frå fjell og mo
og minner oss om å takke.
Barn og vaksne har breie smil,
og kyrkjeklokkene kimar.
Det er som Norge er nytt og fritt,
og alt er song og glede.
Ha takk for landet du har gitt.
Vi syng i kor til di ære, 
BYEN
Langt borte er byen med uro og mas,
og bilar romlar i magen.
Byen vaknar når sola kjem,
og folk går til sitt arbeid.
Byen skin med kalde flir,
og alle borna er heime.
Nå er det sundag i tusen mil,
og parken er så øyde.
Sjølv går eg byrg til eit vennelag,
og møter presten i døra.
Gud signe maten, og kvar ein dag,
kvar sjel i byen må smake.
><><><><><><><><><><><><>< 
  
N O B E L  F O R L A G  –  B I B L I O T E K
PRISAR  
*********************
Boktittel
Forfatter
Pris
Tid og tegn
Paul Granberg
50,-
Storm
Paul Granberg
50,-
Rotbløyte
PerJan Ingebrigtsen
50,-
Sekunder
Sigve Lauvaas
50,-
Dvergmål
Sigve Lauvaas
50,-
Kasteballer
Sigve Lauvaas
50,-
Lysefjordpoesi
Sigve Lauvaas
50,-
Merkesteinar
Sigve Lauvaas
50,-
I søkjelyset
Wendy de Vries
50,-
Angst som kveler sjelen
Britt Wetteland
50,-
Dikt av Guds nåde
Kjellaug Lavik
50,-
Dikt til glede og oppbyggelse
Kjellaug Lavik
50,-
Landskap        (dikt 1963-69)
Sigve Lauvaas
50,-
Lauv i vind           (dikt 1970)
Sigve Lauvaas
50,-
Mennesket           (dikt 1971)
Sigve Lauvaas
50,-
Mellom jord&himmel d-1972)
Sigve Lauvaas
50,-
Grenser               (dikt 1973)
Sigve Lauvaas
50,-
Blomar i mi hand  (dikt 1974)
Sigve Lauvaas
50,-
Kvite fuglar          (dikt 1975)
Sigve Lauvaas
50,-
Diktbøkene blir sende i posten på bestilling. Porto kjem i tillegg.

Leave A Comment