Lauvaas Lyrikk

Poesigalleri – SigveLauvaas – Landskap, Kunst, Ord

Uncategorized

LANDSKAP* I-V (1965-69) DIKT Sigve Lauvaas – s.35-44

*35
DET VAKRASTE LANDET

1.
Katten gjekk sjølv i fella.
Buret var her.
Jenta gjekk med egg
til presten.
Ho vart gift med sonen der.
Landet fekk nye folk.
Høna fekk nye kyllingar.
Tida fekk nye augo.
2.
Gale er det ikkje å gå
rundt seg sjølv,
men det krev mot.
Apene skjønar seg sjølve best.
Det er mykje likskap.
Menneskebarnet kopierar
og tolkar seg sjølv.
Signala frå utanverda
rullar innover landkapet.
Det er nifst.
Det er ikkje rart
at nokon melder pass.
3.
Det klaprar i skrivemaskinen.
Det er berre ei fredeleg øving.
Ein måne stig fram.
Vi kan ikkje stoppa orda.
Dei kjem som nye,
dei oljar seg i maskineriet.
Nye bøker.
Det hamrar i hjernen ei ny skrift.
Eg treng ein tolk.
Eg må sove til det klårnar for augo.
Eit nytt landskap.
DIKTAR        
Ibsen fekk ikkje Nobel-prisen.
Eg vil berre ha blanke ark.
Ibsen reiste ut or landet.
Eg vil berre ha blanke ark.
Eg vil skrive mitt liv.
Ibsen skreiv sitt.
Eg vil gå inn og rope,
inn i meg sjølv.
Ibsen gjekk på Carl Johan.
Kvar går eg?
Ein diktar fekk bøker i løn.
Ein diktar må ete bøker.
Eg et og diktar:
Henrik Ibsen.
Diktarløn, løn for ein diktar.   
Eg må vere diktar.
Henrik Ibsen reiste til Italia
for å sjå.
Ibsen fekk sjå eit nytt landskap,
Noreg.
TRONFYLGJAR
Er du den som skal koma?
Står du midt iblant oss?
Vi arbeidar med kjemiske produkt
til vi har framstilt vår gud.
Vi skal sjå deg gjennom
reagensglass.
Skapinga er soge, skapinga
om dei fyrste menneska på jorda
går igjen, og slekta fortel
om misgjerningane sine.
Kvar er du som skal redde verda?
Kvar er du, tronfylgjar?

*36 
VI HAR DET GODT
Alle les minst ei avis i Noreg;
høgre-avis eller venstre-avis.
Alle overskriftene på førstesida.
Det er viktig å ha ei statusavis.
Makthavarane legg opp til det:
at alle skal gå på den same skulen,
gå gjennom den same tunnelen,
vere medlemer i den same kykja.
Demokratiet raknar i demokratiet sitt namn.
Propaganda for kva ein skal meine,
betalt av dei norske skattebetalarane,
lyser med feite typar over landskapet.
Vi har det så godt. Sosialmaskinen
finn stadig nye klientar. Dei skal fram
og vinne i olympiaden, vinne,
for politikarane treng medspelarar.
BREV
Menneske, kvar er du?
Menneske, kven er du?
Menneske, kvar går du?
Eit menneskebarn på vegen
til fortapinga, eit menneske
i same gata, i same huset,
i same bygda
på veg til ukjende land.
Drap og draptrussel, brev
om mord. Augo som ber,
gamle folk med stokk.
Skuggane kjem nærare,
skuggane frå mitt hus til ditt hus
møter kvarandre.
Om 20 år er vi borte.
Kanskje tuntreet står att?

*37
PRIVILEGIUM
1.
Mange ting å vere glad for:
Mor og far og freden,
at vi kan hjelpe.
Når nokon treng oss
er vi ikkje til fånyttes.
Menneskebarnet er kongsbarnet
som skal lese for makthavarane
dikt om ei betre framtid.
2.
Vi treng revolusjonen.
Med ryggen mot veggen kjem ingen fram.
Vi treng lyskastarar.
Da vil dei døde stå opp.
Jamvel på den andre halvkula syng dei.
Å vere menneske er eit privilegium.
Å vere til, å vere den ein er,
det er å ha noko å halde seg til.
Vi treng alle ein stav.
Døde eller levande skal vi stå til ansvar
for det vi gjorde. 
Å kunne språket er eit gode,   
å finne dei rette orda er gull.
Alle må prøve å vere menneske.
EUROPA
Vi lever her, Europa.
Her har vi våre røter og vår jord.
Nokre for til Amerika, men nå
er det Europa det gjeld, vårt landskap,
vår far og mor. Vi lever her,
og her skal vi døy. Men Europa blør
av vondskap og synd. Og vi reiser ifrå.
Eg må gråte. Europa treng visdom og kjærleik.
Vi er borna som treng hjelp.

*38 
FINNMARK
Enno byggjer dei hus, enno bur folk i Finnmark.
Sjølv om landet er traust og folket
som stasjonsmeistrar, kjem aldri toget dit.
Toget er gått for Finnmark. Nordlyset er gått
bak eit hav av svarte skyer. Storm.
Finnmark vert sett på prøve. Folket der oppe
er som lysande symbol i landskapet.
Grensevaktene har helst på kvarandre.
Ein målar fekk ta eit bilete.
Jamvel om du var død, skulle du sjå Finnmark.
Her går landskapet inn i den andre halvkula.
Nådelaust kjem havet. Men øya er der
og står imot, og folket står imot.
Kven kan då snu ryggen til?
Gud må gå i land – i Båtsfjord, i Berlevåg.
                                         
Stå saman bymann og grensevakt, same og du:
Sjå ei ny tid kjem rullande over oss.
Alle går på hjul. Havet og fiskaren stig
som ei øy. Sola stig og Hurtigruta legg til kai.
TANKAR
Når ein går med svarte tankar,
vert allting svart.
Armane ropar ikkje etter Gud,
dei gjer ikkje gode gjerningar.
Armane er i vegen.
Når ein er svart i sjela si
treng ein å høyra Guds ord.
Berre ein visste korleis Gud er?
Eg skulle vore meir i lag med han,
så eg kunne sjå
i mørke natta.

*39 
DEI VILLE SKRÆME MEG
Dei vil eg skal verte…
dei vil forme meg,
og eg vert så nervøs.
Dei seier, du må ikkje,
du må heller finne noko anna.
Ikkje gå inn i fabrikken,
ikkje kjøp gard, ikkje…
Eg må ikkje øydeleggje ryggen,
eg må sjå tida rullar.
Eg passar ikkje her.
Dei vil ikkje eg skal øydeleggje livet
med lesing, dei vil berre…
Dei veit ikkje kva dei vil, trur eg.
Eg må tenkje sjølv, eg
må gå min eigen veg
ut grinda, ut i verda, ut.
     
BESTEMOR
Bestemor er gamal, Bestemor er god.
Det beste som eg veit er Bestemor.
Ho trødde rokken, vov og strikka.
Ei stjerne i Gudsveven var Bestemor.
Ei stjerne gjennom mange land
er denne edle mor.
Ho, vårt største møte og vår song,
Bestemor.
ISHAVET
Vi rek i eit ishav, vi rek som tømmer i sjø.
Livet er vakkert under sola, men når skuggen kjem
treng vi hjelp til å sjå… Vi er øyar som rek,
vi er små isfjell i havet, du og eg.
Vi renn bort ein gong, vi er ein del av Ishavet.

*40 
LIVET
Takk for livet. Takk for kvar blom.
Takk for alle born på jord.
Takk for ditt frø.
La åkeren vokse og hausten bli stor.
Takk for ditt ord.
Ordet frå deg er nok for meg.
Du er biletet på liv.
Du er bror.
Du er far og mor.
Du er sjølve livet.
     
BREV
Det brenn lys på mitt kammers.
Det brenn lys for alle i verda.
Eg skriv dette brevet til deg.
Du ser etter noko, etter kraft til å lyse.
Du kan skrive eit brev,
skrive namnet til nokon du elskar.
Alle lys er tende i natt.
Da er vår bror vår bror,
da er det godt å leve.
Vi er brevet som er sendt til jord.
VERE TIL
Meir enn ein gong må vi tenkje.
Diktaren må slipe ord.
Alt vi eig er denne tanke:
Å vere til.
Det er dette som vi ber på.
Heile livet er vi saman med oss sjølv.
Vi treng eit liv å verta kjende,
Du og eg.
*41 
EIT BILETE
Aleine.
Eg visste ikkje av noko anna.
Eg skreiv til nokon
og gjekk turar i skogen.
Aleine.
Med bilete av mor og far og sysken,
med strå i handa
utan deg.
Utan deg kunne eg gå til grunne.
Ingen møtte nokon gong nokon
som var så aleine,
utan Gud.
Ditt ord blæs kraftig.
Det er ordet som gjev liv.
Eg skammar meg ikkje over evangeliet,
seier Paulus.
Eg er ingen engel, berre støv.
Aleine sit eg med avisa
vesle julafta 1968.
Tru om Gud kjem snart?
VINDSUS
Inni meg, langt inni meg,
der eg eigentleg bur,
blæs vindane.
Dei kjem, og går.
SYTTEN ÅR
Den gong,
då eg var sytten år
var hjarta mitt.
Nå er det annleis,
alt er ditt.
*42
BØN
Nå må eg sove.
Kvil i fred du kjære.
Eg skal vake og be.
Det er min styrke, det er mi tru.
Alt er eit under.
Vi går mot eit mål.
Ta imot meg, Gud, når eg kjem.
Ditt ord er mine kvite venger.
Gi meg fred, din fred.
     
FANGE
Fanga er vi til å leva,
fanga er vi til å døy.
Tobakken drep,
alkoholen drep,
bilane drep.
Krigen i verda drep.
Vi er born i alt dette.
Eg er fange, evig fange.
Eg vil lytta til havet.
Vårt andlet talar fred,
likevel drep vi
med augo våre.
     
RØTER
Med røter er treet stort,
Enda så lite det er.
Treet er høgt som eit spir
Inn i ei anna verd.
Om ein er tyngd av sorg,
Kan ein gå  til treet.
Eit tre er liv i alt som gror.
Utan røter, ingen ord.

*43
FUGL
Vesle fugl,
vesle celleklump i magen,
skal du døy?
Vindauget er høgt på hospitalet.
Fuglar fyk hit og dit.
Milevis himmel seier:
Evig lys gjev eg deg.
Gud skapte.
Øyde ligg jorda,
krossmerkte er menneska.
Tida går frå dei.
Tida døyr som eit foster.
Menneska er fanga i synd.
JUL
Mange menneske går til kyrkja
for å høyre og for å sjå kjende,
kanskje helse på naboen.
Julenissen kjem på vegen
og delar ut pakkar til borna.
Stas og glitter i vindaugo.
Sirkuset er byrja.
Rulletrapper og grøne og raude lys,
julemusikk og juletre.
Døtrene til naboen skal få nye klede,
sønene skal få ein flypilot.
Høgtalaren står på i alle hus,
men det dei høyrer er
det siste salsbarometeret.
Skal det bli jul igjen
må nokon lese i Bibelen.
Så er du fri til å feire jul
i Jesu namn.

*44       
DESEMBER
Vinterkåpa er teken på.
Skogen er kvit som isbjørnen. 
Nå kan vi lese avisa, gå tur,
sjå at vi lever.
Vegen er synleg kvart steg du går.
Desember, utruleg,
og snart er det vår.
I stallen står eit esel i Betlehem.
Og klokka kimar og klokka slår.
Tida er komen for Herren vår.
Og stjerner blinkar og englar syng.
Den store gåva, Frelsaren,
er komen til jord,
til ei kald og fattig jord.
Og på Guds ord skal alle få leve,
alle skal sjå ein dag.
ORD OG BRØD
Menneskesonen lever.
Han bar sin kross.
Nå ber han heile verda.
Hjarta ditt kjenner han.
Han har gått vegen
du skulle gått.
Han græt.
I denne vinternatt
skal du ete hans brød.
Krossen skal vere vegmerke på jorda.
Menneskesonen ropar: Følg meg.
Mitt ord er brød.

Leave A Comment