![]() |
Legg til bildetekst |
*78
EINSAM BLOM
Vi menneske er berre frø
som veks til skog.
Vi spreider vengjer, vinden tek oss
med til Gud.
I skogen hogg dei i deg
med hjartelaus kniv.
Blomen er du som veks
og er tre i ditt liv.
Men aldri du gløymer frøet,
barnet i deg sjølv.
Ein gong skal frøet stige
som engel mot Himmelborg.
BREV
Du får eit brev. Eg skriv
eg elskar deg. Eg veit
du elskar meg.
Eg kjem ein kveld.
Eg treng å tenkje litt.
Eg skriv eit minnedikt
om alt som knyter meg.
Du er min hjartans ven.
Snart er det tid for heilagt brød.
Til kyrkje er eg tenkt å gå.
Vi står ved denne bautasving.
Gud hjelpe alle at vi må
slå ring om kjærleiken.
Gud hjelpe oss til heilag tru
som gjev svaret Himmelen.
*79
DU SKAL VERA DEG SJØLV
Det er leksa kvar dag:
Ver deg sjølv, gå vegen fram.
Du kan smitte dei andre,
du kan vinne, nå målet.
Du er kjøpt på Golgata.
Ikkje la andre eige deg,
ikkje la andre øydeleggje deg.
Du skal sjølv stå fram i salen
og vere fredsengel.
Du skal vere deg sjølv.
Du har eit ansvar i livet:
å bere orda frå Gud
til folket på den andre sida.
Du er sterk nok!
Herren vil gi deg styrke.
Du skal ikkje vere kald.
Med iver og frimod skal du reise
til verda, og gi deg sjølv.
Som stålet skal du bite,
som barnet skal du gråte.
Du skal vere Herrens tenar
så lenge sola skin.
*80
HAT
Vi seglar ikkje same sjø,
et ikkje i lag.
Vi flytter frå denne jorda
og gløymer kven vi var.
Vi er i livet brør,
men talast knapt i lag.
Vi var vener før.
Vi skal verte vener ein dag.
Vi ofrar alt. Born og heim
vert kjørt i grus.
Kvifor hyler vi?
Vi er jo born i same hus.
LOFOTEN-BREV
Hels frå meg, hels hav og himmel,
hest og ku. Eg har funne fred
under Lofotveggen.
Bilete mitt er storkna stein.
Eg var til ein gong.
Nå reiser eg heim.
Natta er fin. Eg et og søv i natta.
Alt jordisk vert smått mot din himmel, Gud.
Eg skal finne meg ei stjerne
i Vinterlandet.
*81
HO LEIKA GUD
Berre eit barn. Ho leika
Gud Fader i Himmelen.
Hadde ho lese noko?
Var ho synsk?
Kva heiter foreldra?
Ho var merkeleg frå fyrste dagen.
Ho gjekk sine eigne vegar.
Ho ville ikkje vere annleis.
Ho var Gud.
Gud i Himmelen med sverd.
Ho hogg ned all synda,
hogg ned det vonde med makt.
Stormen og stilla kjempa.
Gud var i begge.
Alle på jorda var kyrkjesokn,
og fuglane song
til gravferd og fest.
HEST I TRAV
Regn fossar. Hesten står still.
Blomar ser ned. Ord frys.
Groen er lagd i jorda.
Der skal verte vår ein gong.
Det skal skje noko.
Livet på krossen.
Dette er livet som gjev liv.
Born. Alt som ser.
Regn i foss.
Hest i trav.
Gud skapte mennesket,
berre spør.
*82
TANKAR
Heime-bøen. Kvite snøen.
Katt og hund og far og mor.
Borna leikar.
Det er godt å bu på jord.
Godt for føda. Her er livd.
Annleis uti verda stor.
Kan ‘kje gløyme krigen
og svolten.
Vi må tru på livet,
at Gud skaper med sitt ord.
ØVERLAND
Han hadde ingen økonomi.
Øverland var eit geni.
Har du økonomiske problem
er du velståande.
Øverland klagar ikkje.
Han lever av det han har
og det han er.
Er du nokon?
Da skulle du klare deg bra
i desse ulvetider.
*83
DEI TRUDDE
Dei trudde dei hadde teke han.
Dei såg han var borte,
men dei visste ikkje kvar han var.
Ingen sa han var hos Gud.
Alle var redde
Det han fortalde, skjøna dei ikkje.
Dei gret.
Kva kunne dei gjere utan Herren?
Så stod han mellom dei.
Dei visste ikkje det var han
Jesus gjekk gjennom den stengte døra.
Nå trudde dei,
og han gjekk heim.
TRUA
Trua er ei gåve frå Gud.
Trua gjer fri.
Soga om Den Heilage Ande
og Jesus –
er soga om mennesket.
Freden skulle koma til landet,
men blodet flaut.
Kristi blod reinsar oss frå all synd.
Vi må gå til Gud.
Hans nevar er større enn havet.
Vi må tru.
*84
VÅREN
Noko så underleg.
Kring gard og grend svingar det.
Ein kan ikkje gløyme våren,
sin eigen vår.
Fagrare var aldri jorda.
Sola kvarv aldri då.
Stille i dette spelet
når alt vaknar.
Dei gamle fortel om den gongen
alt vart annleis.
DIKT
Står eg til atters Herre,
må du smi.
Eg vil ikkje vera ein tagal sjø,
ikkje ein kross,
men levande korn
mellom vener.
LANDSBYEN
Den gongen landsbyen brann
kom kongen for å sjå ruinane.
Du er sein, konge, sa dei
som var att.
Kongen nikka og nikka
og tok eit barn i armen.
Så planta han eit tre
så fuglane kunne bygge reir.
*85
KJÆRLEIKSBOD
Han har augo tende mot hennar.
Under månesigden kjem dei.
Nå er det tid til å elske.
Elsk kvarandre som Han har elska dykk.
Skriftordet lyser, lyser.
Dei gjev kvarandre ein blom.
Frå nå av eig dei kvarandre.
Dei skal bygge ei bru.
Månen vert til sølv og is,
og dagen kjem.
Dei skal arbeide saman, og
verda skal verte god til slutt.
SKRIV SNART
Skriv snart,
gjer ventetida kort.
Eg frys og vinden blæs.
Kvar vert du av?
Gå berre beine vegen hit
så får du svar.
ORD I LIVET
Best du går der, kjem orda
som or ein sekk,
og du må gripe dei, vere snar.
Frø-orda kan hjelpe eit menneske
or knipa, ut or stormen.
Sjå berre etter, ver vaken.
Ord er heilage som born.
Ord i livet bankar som eit hjarta,
berre du høyrer etter og ser.
*86
EIN FUGL
Kva er dette for ein fugl
som fyk så lågt?
Med strupelydar høyrest han
frå verdsromet.
Rovfuglen stuper
og fangar sitt bytte.
Ein rovfugl har skarpe venger
og kvasse klør.
Menneskeslekta blør.
Kva skal vi med fleire vitne?
Dei kloke pelikanar speidar
etter ei ny jord.
FATTIGE OG RIKE
Magen er tom
og biletet er vissent lauv.
Vinden syng i skogen.
Born døyr.
Det haustgule teppet ropar:
Gje oss fred!
Kjærleiken er framtid.
Nevar er knytte i bøn.
Sjå dette andletet, høyr
fottrinn bak døra.
Gi aldri opp. Slutt ikkje å elske.
Å elske er sjølve livet,
det å vere eit menneskefrø.
*87
KVARDAG
Kvardag, kvardag i fjell og snø,
mjuke skoddebrev.
Ikkje syng, eg er berre eg.
I morgon skal sola skine.
På ski i sus over bratte heng,
har ikkje ro.
Kvardag skal vere fest og jul,
tid for ein einsleg veng.
Lutar seg som hengebjørk,
går mot ein evig stad.
Menneskeborna passar på –
med elsk og hat og jag.
TIDA
Ta tida til hjelp, sa dei gamle.
Tida er god å ha. Men ingen kan samle tida.
Den strøymer frå dag til dag, –
Som ei livsvon, som kjærleik, lengt og vår,
Og gyllar og trøystar all din veg, til porten opnar seg.
*88
STJERNER
Pave eller profet.
Ikkje spør om dei veit
kva som kviler våre steg.
Vi må leve kvar for oss,
leve i eit kyss og strekkje augo.
Vi må vere stolte av å vere
sjølve oss, planetar, stjerner.
La oss lyse, mørket treng oss.
Å TENKJE
Å tenkje på det støtt:
Vi er ei gåte som ikkje veit
framtida, og æva.
Langsomt rullar gardinet ned.
Skipet går langsomt under.
Vi stikk hovuda i saman og ser
ørkensanden.
Men ingen må gråte.
Vi er som stjernekreps.
Vi skal tene kvarandre,
vere kvarandre sin gjest.
RØTER
Dette er trufast slit.
Ei mark med høge murar.
Dette er arven. Røtene fortel.
Heilag krig.
Frø vart sådde og born får sjå.
Jorda er vår arbeidsstad.
Og etter livet – dauden.
Etter hausten, morgonrauden.
*89
HAND I HAND
Det negative og det positive
går hand i hand.
Det gjeld å sile og bruke
utan vald.
Menneskelekamen er ein fest i rus,
eit åndeleg tapet.
La alle helse, vere dus.
Vår kjærleik er vår møtestad.
Bestem deg for å gi
og gløym deg sjølv, og sjå,
vi lever saman, tenkjer, ber.
Vi er tusen sjøar, elv i stryk
på veg til Sinai.
Og vi ser, og det er kveld.
EG SYNG
Eg syng for at du skal høyre,
eg syng om mitt einbuarliv,
eg syng til ditt hjarta om kjærleik,
eg syng om dei fattige som skrik.
Eg syng, og eg græt når eg syng
om freden som ikkje vart vår.
Eg syng om den kjærleik som vaknar
når ein merkar at hjarta slår.
*90
HJARTEROM
Eg høyrer steg bak døra mi,
eg høyrer eit anna mål,
eg skriv i dagboka mi,
eg skriv om eit hjartesår.
Eit år er gått
og eg måler verda med augo.
Eg er ein vandrestav, vandrepost.
Eg stoggar litt, eg stoggar
ved dei ord som kjem:
antennedikt –
eit bodskap frå ei anna verd.
Eg fiskar etter ord, signal.
Eg ser eit glasskår.
Eit koffertdikt stig fram.
Bilettar til mi inste dør.
Og hospitalet, det er stengt.
Eit hjartesukk
er einaste medisin vi får.
Den vekkjer døde.
Det er ingenting imellom oss, berre hav.
Eg går mot ei ukjend strand.
Eg går på Herrens bod, eg må.
Gud er evig. Gud er Gud.
Eg stig. Bøna stig og stig.
Alt mellom oss er bruer, tunnel og dikt.
Ein evig vår stig fram.
Fred på jord.
Og menneskebarnet er frø
i Guds åkerjord.
Evig må skogen vekse.
Skogen må aldri døy.
Livet skal vidare fram
og skine som ei stjerneøy.
Men, når alt er forbi
kan du rette din rygg.
Når hausten har teke seg til rette
og himmelen er svart på ny,
da skal det stige ei sol
og på nytt skal det sprudle av glede
og våren skal kome kvar dag.
Og blomar skal vekse og fylle vår jord
med kjærleik.
Og kjærleiken er som ein kaktus,
den krev ikkje, men tek det han får.
Og skatten i livet er ordet som sår
og veks der ein ikkje sådde.
Utruleg er denne våren –
og ingen må sove.
Eg elskar, eg elskar ingen.
Eg kysser ingen meir.
Den elsken du vekte, var ei snare.
Men nå kan eg rope ut min kjærleik:
Sjå, sjå – og hjelp dei som treng hjelp,
hjelp til å vere til.
Eg elskar hus og heim, eg elskar mennesket.
Eg elskar nokon meir enn kven som helst.
Er det å mangle sjel for verda?
å tenkje på seg sjølv, elske seg sjølv.
Eg elskar ingen, eg elskar alle.
Mitt liv er elsk, mitt liv er brød,
ord til den som elskar sjølv,
ein tanke til å pakke inn.
Å elske er å gi.
*91
EI NY TID
Holmane ligg der, dei er som
dottar i vatnet,
og vatnet stig.
Augo rekk ikkje langt.
Tusen steinar er mura opp
mot vinden,
og graset gror og trea stig
og mannen lør steinar på steinar.
Glattslipne i havet
kom dei til gards. Dei rulla
inn hagegrinda.
Tone søv. Om morgonen
var kyrne i beite.
Ho måla eit bilete og sa:
kyrne mine!
LIV ETTER EIT ANNA
I kjolety, 15 år.
Ho står gulbleik og ventar.
Vatnet ligg spegelblankt
og båten kjem, ein doktorskyss.
Ein båt, stor nok for to,
siglar ut fjorden
i kveldstill ro.
Dei talar ikkje saman.
Årene får tala, og stilla får tala.
Ho gjekk i tæring, 15 år.
Han ropa etter henne.
Ho var der i går.
Landskapet blømde ikkje
gledeblomar.
Eit hjartesår brende seg fast.
Det bylgjande håret, munnen,
kjolen, hendene
ho tok kringom halsen: farvel.
Grinda var lukka, hytta var tom.
Guroli-hytta venta ingen.
Men åra gjekk
om såret aldri vart lækt.
Ei ny kvinne kom til gards.
Ho heiter Tove, og ventar barn.
POLITIKK
I natt er jorda rund og god.
I natt er jorda svanger.
I natt er stjernene på glid,
I bane kring Bremanger.
I natt er brosme, kveite, torsk,
Det beste gull i skogen.
I natt er verda negerstat
Med kvite elefantar.
*******************************
Du kan kjøpe «mine bøker». Porto kjem i tillegg.
Kontakt pr mail.
L A U V Å S F O R L A G – B I B L I O T E K
PRISAR FRÅ FORLAGET
*********************
Boktittel
|
Forfatter
|
Pris
|
Tid og tegn
|
Paul Granberg
|
50,-
|
Storm
|
Paul Granberg
|
50,-
|
Rotbløyte
|
PerJan Ingebrigtsen
|
50,-
|
Sekunder
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
Dvergmål
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
Kasteballer
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
Lysefjordpoesi
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
Merkesteinar
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
I søkjelyset
|
Wendy de Vries
|
50,-
|
Angst som kveler sjelen
|
Britt Wetteland
|
50,-
|
Dikt av Guds nåde
|
Kjellaug Lavik
|
50,-
|
Dikt til glede og oppbyggelse
|
Kjellaug Lavik
|
50,-
|
Landskap (dikt 1963-69)
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
Lauv i vind (dikt 1970)
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
Mennesket (dikt 1971)
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
Mellom jord&himmel d-1972)
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
Grenser (dikt 1973)
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
Blomar i mi hand (dikt 1974)
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
Kvite fuglar (dikt 1975)
|
Sigve Lauvaas
|
50,-
|
Sigve Lauvaas,
|
||
Klunglandveien 30,
4376, Helleland
|
||
ANDRE BØKER:
BRITT WETTELAND, bosatt i Eigersund, debutant 1993 med boka ANGST SOM KVELER SJELEN.
Hun er født på Røst. Oppvokst i Bodø. Har arbeidet innen helsevesenet, og med elektronikk. Hun skriver: ”Jeg har alltid vært lys og glad til sinns, og følt meg veldig trygg, både på meg selv og mine omgivelser, inntil i 1974, da jeg helt plutselig ble overmannet av en intens og uforklarlig angst, som jeg levde med i 15 år.
Da ble jeg mirakuløst helbredet, både fra angsten og tabelettmis-bruket, som jeg var kommet inn i.
Etter at jeg ble frisk kom en litt uventet reaksjon frem hos meg.
– Det var så befriende å være løst fra det tunge åket, at det føltes alltid som en bil stod parkert med motoren i gang, klar til å kjøre frå meg. Prøvde vel å ta igjen noe av det forsømte, så jeg både snakket og handlet for raskt.”
*****
Betal til Postgiro 0533.7809601 – NORWAY
Copyright LAUVÅS BILLIGBOK FORLAG, c/o Nobel Forlag, 4376
Helleland/Eigersund.
ISBN 82-7187-018-1