*57
KJENNETEIKN
Som om vi leitar etter noko
å henge om halsen,
som om det kunne fortelje oss
gåta om mennesket.
Som om livet var eit stempel
på denne vår jord,
som om fødselen berre var
eit skrik, eit rop
om å få leve.
Som om denne spira som kjem
gjev løfter om ei rikare framtid,
som om språket kunne hjelpe oss
over dette landskapet
til ei varm og mjuk seng,
til ein oase.
MENNESKESMIL
Sjå opp, sjå langt, sjå
i alt som er skapt er Gud.
Du ser dette landskapet,
eit bilete for auga, ei sol
for di sjel.
Høyr, høyr mykje, høyr susen
i skogen, i fjellet,
høyr knirken i grinda,
høyr rop etter folk.
Eit smil er ei gåte
som opnar seg, opnar seg
for den eine som ser,
og skrattar.
Kven er du?
Eit menneskebarn, berre
på vegen
ei kort stund.
*58
HENRIK WERGELAND
Møte med geniet, Wergeland,
gjennom ein stabel ord,
bøker som er trampa ned
og lyfta opp.
Ein prest som ser, ein prest
som fekk sitt kall på jord
og måtte døy.
Henrik Wergeland var det.
Han kom til festen, drakk sin vin
og song og jubla for sitt fedreland.
Han elska alt som gav sjela ro,
men gav seg sjølv for det som brann,
for Jøden og Jødinden var
hans rette far og mor.
Velkomen hit i kveld, du gjest,
velkomen med ombord.
Snart siglar skuta ut til havs,
og du er med, min bror.
Velkomen, Henrik Wergeland. Gi plass
for alt som veks og gror.
Gi rom for denne heidersgjest. Hans namn
har gitt oss mot og hjarteslag
for fedreland, for andre folkeslag.
Vi er jo alle mennesker på jord,
og Jøden og Jødinden er vår rette far og mor.
ORD
Eg vaknar av ord eg ikkje før har sett.
Ein ny identitet kom fram i lyset.
Orda pustar i nakken, og eg skrik.
Eg er i fengsel, og kan ikkje sjå
Spegelen, biletet, landskapet.
Orda står som ein mur imot meg, og nikkar.
Dei seier: kom igjen, løft meg opp.
Eg skal vere med rundt månen, svinge meg
Kring heile verda. Du er min. Kjærleiken.
*59
HALLVARD-PÅL
På garden Grind i Vikebakken,
der føddest guten Hallvard-Pål.
Og frå han kraup og drog i stakken
til mor si, Guri Grind frå Skål,
var han i haldning som ein annan.
Ikkje i heile slekta var der maken
til denne guten, Hallvard-Pål.
Han var så god og snill og ljos og fager
med augo som ein himmelkvelv.
Men, trass alt så var han mager,
men stor, med bygning som Tambarskjelv.
Ja, du for gut, det var halve Odin
då berre han bar fem-seks år.
Og nå har livet hans vokse ut
til hovding, ja til kongekår.
Hans livslengd er nå tretten vintrar
og lengda hans er femten alen høg,
og styrken er å bere ti-tolv hjortar
på aksla over femten dagars slep,
til Kinamuren – og bøye muren ned.
Nå er han visst komen inn i Keisarriket
og reiser mellom tid og æva der.
NATT OG DAG
I eit landskap av stein og myr og skog
møter du kvelden med ro.
Du kjem imot ljoset med opne hender,
du ser strålene fange deg,
du helsar med vakne augo
og kviler – som eit hjarta kviler
etter ein god dag.
Og natta glir inn i deg og fangar deg,
kjæler med deg, stryk deg over håret
og gjev deg styrke og ro.
Natta støyper vårt andlet
og gjev oss smak på dagen
som møter oss
open – som eit barn.
*60
LANGS VÅR EIGEN KYST
Dei melder regn
både sør og nord for Stadt.
Eg tek på meg paraplyen
og går inn i eit kontor
for mentalhygiene.
Marxistane har gått for langt.
Stålgranatane vart spreidde i gatene.
Ingen revolusjon kan vinne over oss.
Vår styrke er viljen til fridom.
Ingen tvilar kan skape ein botanisk hage.
Ingen revolusjonær kan skape fred.
Dei gamle messehallane, kyrkja
og dei sjølvopptekne menneska
skal overleve.
Kveldsola skal gylle Sions murar.
Borgarmeisteren i Berlin
leikar med klinkekuler
og slår mynt om framtida.
Ventilane står i klemme
og muren slår sprekker.
Dei reisande ser opne tennisbanar
vert omgjorde til møteplass.
Slekt møter slekt i Berlin
ved ei open grav.
Skilta vert rivne ned.
Borgarane får muslingar og blåskjel
til festbordet.
Slik var den første, slik
var den siste berlinar:
born med opne sår.
*61
HALVGUDAR
Vi reddast for ordet. Vi reddast
det som er bak ordet. Vi reddast
for djupna.
Vi vert brende. Vi møter brennande
nesler. Og vi er ikkje budde
til morgondagen.
Vi går som fotnotar kringom
og veit ingen å stø oss til.
Likevel går vi der
som halvgudar,
og set merkesteinar for mitt og ditt.
EI STEINTAVLE
Frelste sjeler. Namna er innhogde
i steintavler.
Rundt bordet i Paris
går dei med lyskastarar.
Eit stykke vev,
eit stykke menneskenatur,
lyskastarar,
gravstøtter.
Så vert det jul
og dei vanlege helsingane
kjem inn døra.
Nå er namna levande,
bileta vert ljose som stjerner.
GEOGRAFI
Å leve er å ikkje sjå seg attende.
Å leve er å ha eit namn.
Landskapet vi ber på er smerte og glede.
Vi bur på eit opprørt hav.
Tida brenn bort
og vi sloknar, sloknar…
*62
PAVE PAULUS VI
Tidt tankar for for frie vindar.
Komen er du, kyrkjebror.
Verda treng ein fridomsvinnar.
Kunngjer fred på jord.
Stengsla gjennom tusen år,
tida som har banesår.
Nå vi ventar våren, dagen,
som skal gje oss blom i hagen.
Pave Paulus VI, kven er du?
Send ei bøn til Herren, Gud.
Vi treng frelse, sjå i dag
til ditt folk. Gje oss augo
til å sjå, øyro til å høyra,
slik at vi kan kjenne dagen.
Gud kjem snart til oss i hagen.
SUNNHORDLAND FOLKEHØGSKULE
Noko eg har i tankane
når eg tenkjer på dagane på Kloster.
Ingen skjøna meg, ingen
kunne eg snakke til om problema,
ingen å halde i handa.
Gjekk eg ute om natta, var det gale,
var eg i Vinterstova, kom trekken inn i jentefløyen.
Klostertrekken, suset av kveld
og lauv nådde meg.
Skulen stod der, sogeskulen etter
Konow og Juel. Og minnesmerke
etter alle som hadde trødd her før.
Sandvik gjekk med side tankar,
og Landa og Bjelland og Engelsen
strødde om seg av ånd.
Det susa og ingen ville flytte.
Dei gret siste turen til båten
og dei hugsar natta som kom
og alle hendene som var møtte fram til avskjed.
*63
SONGEN
Tida er mennesket sin brystkasse
kor alt har ånda.
Med augo har sjela vorte rik,
og hjarta hamrar med stønn.
Levealderen er vorten lenger. Krypdyra
som ikkje tenkjer, ser korleis det går.
Skrøpelege skapningar kjem fram or mørkret
og augo dirrar i luft. Bodskapen
om at sanninga må kome ned til folket,
går frå gard til gard.
Og stjernene, som er høgt på himmelen,
lyser opp den mørke jorda
og gjev oss syn for kor rike vi er.
Sola kjem om dagen og vekkjer oss
og gjennomskodar oss. Vi er fattige
på ord, fattige på gode gjerningar.
Ver tolmodig med oss, Gud. Din himmel
skal vere hos mennesket og dei
skal møte deg. Krafta av Det høge
skal halde oss oppe til enden kjem.
Sjølv vert eg nekta alt, og eg er redd
for å døy, redd for å sjå meg sjølv
inst inne. Mange tankar kjem. Eg er
ikkje noko tempel. Sjå til oss, sjå
ned i støvet, sjå ned i blomsterbedet.
La oss få sjå profeten, la oss høyra
orda dine, Herre. Hausten er her
og vi er dine bodberarar.
NOKON SER
Skal nokon sjå, og høyre,
Må nokon fortelje.
Eit ord kan vere eit dikt på veg
Inn i ei fattig sjel, som dagen og natta har fanga.
Og straks vert det lyst, og nokon kan sjå
Draumen om treet med blodraude bær,
Og frukta frå nakne stammen.
Eit menneskebarn.
*64
KUNST I PARKEN
Eg står modell i kveld
i parken.
Vi som er kunstnarar
bjeffar ikkje.
Ein hund bjeffar
så hjarta hoppar
Vi har inga naud
i dette landet,
einast hovmod, avundsjuke,
pengegalskap
kan føre livet på avvegar.
Vi gløymer kunsten
å vere menneske.
BYGDESLÅTT
Tindane stig, gutane hoppar
og tøyer seg på hælen.
Jentene når ikkje opp,
men brurar seg
i kjempeslått.
Og sola kjem inn
og kvitkledde brur
finn sin einaste gut.
No vil ho av stad å gifte seg.
Blomane veks, geitene spring,
det spelar i natta,
det spelar i vind:
Bondeslått.
Og månen veks og natta sig.
Snart kjem Gubben
med stokken sin.
Og leiken er slutt
og jentene spring, og gutane.
*65
GRAVSKRIFT
Under denne stein
ligg mine bein.
I si tid var eg med.
No har eg fred.
Eg levde då eg levde.
No er tida ein draum.
Eg skriv dikt i grava
om Den store flaum.
18 ÅR
Dette eg ser fram imot
er dagen som ikkje er dag
og natta som ikkje er natt
og tida som ikkje er tid.
Dette eg ser på andre sida
er berre trådar i ein vev
som ikkje er ferdig.
Eg ser ikkje klart,
men eg ser den andre sida
i skodde og draum.
Å vere 18 år på andre sida
tel ikkje. Alle har stemmerett,
alle har same loven,
vi er alle like for Gud.
BLOME
Langt ute er eg ein blome, ein klokkelyng
Med røter som klorar seg fast
Og knoppar seg kvar vår, og lyser.
Min sommarfugl er som lauvet,
Det reiser sin veg til stjerner, til fjerne himmelstrøk.
Mitt liv er som vinden, stille og mild,
Og opnar seg ikkje før sola kjem til
Og trøyster med varme og kjeldevatn
Og kyss og smil.
*66
LANDSKAP I NATTA
Roleg kjem du, roleg
som ein stein.
Du møter opp utan ord, møter opp.
Andletet ditt speglar kjærleik.
Kven gav deg kjærleiken?
Kva heiter mor og far?
Du er eit menneske med namn.
Til og frå går alle.
Det er vårt daglege brød
at vi møter nokon
som gjev liv og mot.
Kan du sjå far din i auga?
Har du landskapet med deg
på vegen.
Du er ein kross og ein blom.
Eg elskar deg.
FARGANE OG LJOSET
Frå dei eldste tider
har fargane fletta vårt innfløkte liv.
Fargane og ljoset skaper verda.
Vi er med i dette spelet,
vi er bilete i lufta.
Vi er kvarandre.
Gud, hjelp oss å bli glade i fargane.
Vi treng ljoset for å leva.
Vi treng eit bilete for å veksa.
Vi treng regnbogen for å berge oss.
Ordet er vårt testamente
frå slekt til slekt.
Ljoset gjev oss fred.
I ljoset finn vi kvile og glede.
Fargane gjev oss styrke til å gå vidare.
I Kristus finn vi vegen,
og vi kan vere trygge i landet.
*67
PÅ HØGELOFTET
Vesle jenta var 2 år
då ho kraup opp trappa til far
som sat og skreiv dikt.
– Kjem du? seier far.
– Eg og vil vere her.
Ho såg på alle bøkene.
– Her er farleg, sa ho.
– Bøker er farlege.
– Eg skal passe på deg.
Far kan ikkje skrive meir no.
Tankane er borte ein stad.
– Skal eg hjelpe deg? spør Vesla.
Eg kan skrive om troll.
Eg kan skrive om låste dører,
og nokon som skrik.
Vesla leiter etter mor.
– Mor fekk styrkedråpar i går.
I dag ligg ho flat.
Kanskje er ho bra i morgon?
Vesla likar seg i lag med far.
Her er passeleg mørkt
med ljos i taket.
– Far skriv dikt for troll.
– Eg og vil vere eit troll.
Alle kan vere troll i dag.
RO
Det er tid å gå til ro.
Det er tid å sove for oss to.
Og dagen legg seg i natta ned
Til sola skin i epletre
Og glanar bak mo og myrar.
Ro og kvile i natta mjuk.
Her vil eg sove til dagen gryr.
Eg har ein draum eg skal drøyme.
Så kan eg ro med båten din
Inn til den siste holme.