*45
OM KJÆRLEIK
I
Bryt deg inn, ban veg,
gjer rom for deg.
For først må du lære
deg sjølv å vere
før du kan romme eit hjarta
som ikkje er ditt
med kjærleik.
II
Kanskje du ikkje har lært det
som skal lærast som barn –
om menneskehjarta
og hjarto sin far?
III
Fortel sanning før du seier
kva er sant.
Det kan koste mange pengar,
det kan krevje mykje svevn,
det kan drepe heile livet,
livets vokster kan bli dømd.
Men i alt kva ein gjer og meiner –
det skal sjølvet kjenne til,
for det vankar mykje plage
hos dei som kan og vil.
IV
Draumar talar språk ein kjenner
ifrå før, frå tida
som ikkje lenger er, men som var,
tida som gjev svar.
V
Langt inne, lengre enn du trur
går vegar – slynga over foss og gru.
Der er hav og der er heier,
der er himmelsk harmoni,
der skal eg med deg bli vener.
Du skal teie, eg skal fri.
*46
VI TRENG FOLKEHØGSKULEN
Alle som er her, veit
at folkehøgskulen er svaret
på mange unge sine draumar
om å verte seg sjølv.
Folkehøgskulen er skulen
for både hjarta og tanken.
Her kan dei unge nå sine mål,
her kan dei vekse
og verte til gjerningsmenn
ferdige til å gå inn i vingarden.
Vi treng folkehøgskulen
for å gi eit tilbod til dei
som vil realisere seg sjølve
før karrierejaget set inn,
før laurbærblomane skuggar
for den harde kvardagen.
REFLEKSJONAR
Alt det som står i avisa
er ikkje sant.
Sanninga kjem berre i små delar.
Det dryp noko, det dryp.
Vi veit ikkje om det er å stole på,
anna enn dødsannonsene.
Menneska er fletta i gravskrifter og garn.
Det er ikkje tid å snakke lenger.
Menneska er rastlause, på flukt.
ORD
Det største er ennå aldri sagt.
Visdommen ligg på eit anna plan.
Vi kan ikkje stupe før ordet er vårt.
Vi tek det i famn, men kan ikkje eige
Før sjela er moden og kroppen er varm.
*47
SJØEN
Alt vil eg ha.
Alt vil eg vekse ifrå.
Eg vil leve, elske og vere glad.
Ta på meg, sjå meg,
eg går i draum.
Kom attende frå skogen.
Eg er berre ein silkesaum.
Skriv namnet om berre du vågar,
namnet som skil og bitt.
Sjøen imellom oss er farleg.
Eg vakar og ror i natt.
KVEN ELSKAR VÅREN?
Kven elskar våren?
Det er godt å sjå nokon elskar.
Ein dag er alt borte.
Draumane er borte. Spegelen
er det einaste
ein har å rette seg etter..
Ei trøtt mor sukkar.
Dette er vårt bilete.
Eller, kven er du?
som ikkje har høyrt alt som har hendt
den siste tida.
I ROMMET
Lenge er eg i rommet
Og ventar at noko nytt skal skje,
At lyset skal kome med vingar,
At nokon skal tale gjennom ein vegg,
Usynleg, som herren sjølv.
I rommet kjenner eg varmen
Og pust av heilage englar.
Og eg talar med dei.
*48
HJARTA
Hald meg ikkje så fast.
Eg vil ut i den store verda.
Reise ut vindauga
mot stjernebålet.
Nemn ikkje løyndomen i mi hand.
Eg er ein fugl som fyk.
Snart møter eg henne,
mi stjernebrur.
Men ho er for god for meg.
Eg salar min hest og rid min veg.
Gråt ikkje.
Hald meg ikkje for narr.
Eg vil vere fri.
VIND
Det er vinden som kjem
Ned fjellsida, bortover markene, inn i huset.
Kor skal eg gjere av meg?
Eg er redd dei fælslege vindane
Som kryp langs grøftekanten
Og stig lynraskt mot alt og alle.
Vinden skåner ingen på sin veg.
Den ropar og ojar, som ei vond merr.
Vinden er ustyrleg. Men dei gamle seier,
Det letnar til kvelden.
Og eg føler meg trygg,
For eg veit at dei gamle har lag med vinden.
MENNESKE
Du menneske, om du er rik eller fattig,
Forlaten eller midt i mengda,
Så treng du ein spegel, og ein veg,
eit kart og ein kompass.
Ordet skal vere din vaktar, frå nå av,
Og så lenge verda står.
FEMTE DEL – DIKT 1969
*49
GRAVA ER TOM
Grava, der Herren låg, er tom.
Stille dei går og leitar.
Så står denne kvitkledde engelen der.
Det skal bli fred på jord.
Herren har stått opp.
Graset ved grava veks og blomane
er Kristi blomar.
Augo hans ser heile universet
og kjenner tankane dine.
Han er noko av himmelen.
Han er døra til livet.
Alle må gjennom den tome grava
for å sjå den oppstandne, frelsaren.
ISRAEL, VEND OM
Israel, vend om til meg, seier Herren.
Bryt dykk nytt land.
Sjå til at ingen lid naud.
Av meg skal de få rikeleg grøde.
Ta bort dei avskyelege gudane
og sjå at Herren er dykkar Gud.
De skal få sjå det grøderike landet
og folket skal bergast.
Vend om, Israel. I dag er Herrens dag.
Skuggen av åkeren din skal vere trøyst
for dei som ikkje vender om.
Byane skal gå til grunne.
Men Herren skal attreise Israel
og han vil byggje tempelet i Jerusalem
på nytt. Herren er ein.
Herren er din vaktmann, Israel.
*50
EIN GONG EG VAR BARN
Eg fraus, eg fraus.
Eg kunne ikkje snakke meir.
Eg var i uvit,
men føtene klarte å bere meg.
Då eg kom heim
fekk eg varme i meg.
Og eg livna til.
Eg kan ikkje hugse noko
frå Eltarvåg til Lauvås.
Einast at ein bil køyrde.
Dei lo inni bilen
Eg heldt fast i panseret.
Eg tenkte då:
Her kjem redninga!
Heime fekk eg tine opp.
Eg var forkomen, og mor mi
tok på meg ullklede.
MINNE
Ta med dette minne frå tida her:
Du er gildaste jenta eg talar med,
du er den eg kan elske i livet.
Du er Magda frå Haugesund,
du er stjerne i kveld.
Du er den eg held så høgt,
men ikkje kan nå.
Skjønar du det?
Heime hos mor er du fin: blomen,
epletreet.
Du voks or ei naken jord.
Du skriv dikt, og gjev makt til ord.
Sjølv er du eit ljos.
Eg ser deg i mørkaste kvelden.
Du skin som månen
mot vindauga.
*51
SMÅPLUKK LANGS VEGEN
Den som undrast på meg
må undrast på Skaparen.
Den som undrast på Skaparen
må undrast på meg.
NOKO EG SKRIV
På dette do gjekk kong Mads.
Her sit eg med fru Vats.
Papiret er reint,
så vert det skrive ein song.
Livet er godt som eit eple og fritt som fuglen.
Men rør ikkje forboden frukt, og set grenser
eller gå i kloster.
Daudingeskallar veltar imot meg.
Kva skal det bli til av meg?
Å MØTE SEG SJØLV
Å gå gjennom ei gamal grind
og møte seg sjølv.
Å gå gjennom verda, tida
og sjå seg i spegelen.
Å vere til for andre – det er å vere til.
Ein møter seg sjølv i døra,
møter seg sjølv i tankane kvar dag.
Du og er der, du som er kjærleik.
Seg sjølv er ein alltid nærast.
Likevel kan vegen vere tung å gå.
Ikkje alltid vil ein vere ærleg.
Kva skal ein gjere då?
Det er som å bere på bører
ein aldri har lesst.
Seg sjølv er ein alltid nærast.
Å møte seg sjølv er ein fest –
når ein lever i kjærleik.
*52
19 ÅR
På veg til butikken,
opp trappene,
gjennom ein tunnel
kvar dag.
Blyanten i kommoden,
går ut i hagen,
støvberar på staffeliet
i Paris.
Eit mysterium siste dagen
i Terminus Hall.
Rundskorne bogar i brann.
Krypande knivar
langsetter undergangen
ein vår.
På ei gate etter nattkafeen
i St. Paul
kom eg til å trø på ein maur.
Eg gjekk til Oljeberget for å be.
Då vakna eg av smertene
etter siste istida.
Eg beit kulden i meg
og måtte døy
berre 19 år gamal.
GODS OG GULL
Gods og gull er ei farleg bør.
Vi treng alle å slita,
men alle må lære nord og sør.
Dømast skal alle for stunda dei levde.
Vi er ifrå Herren ei helsing.
Sjå inn i din himmel, der
skal det glima. Vi er eit under.
Høyr klokkene kimer. Snart
er det stunda. Jesus er her.
Vi skal få leva evig som frie,
frelste frå synda, frå børa vi bar.
Vi er i Herrens hender, eit bønesvar.
*53
LANDSKAP
Eit menneske, du
er eit landskap.
Her er vegar av mange slag.
Her er stup og grav.
Eit menneske, landskap i dagen,
bilete frå Gud.
Du er den grinda som opnar
og slepp lufta inn og ut,
du er frå opphavet, ein morgon.
Gud skapte deg
til eit landskap
og gav deg ein signa ring.
ORD FOR DAGEN
Det er mykje ein får sagt
når ein let orda trille.
Betre å sitje på vakt
enn seie det ein ikkje ville.
Når krigsøksa kjem fram i dagen
får ikkje verda ro.
Då grip vi tak i skjoldet
og let graset gro.
Her er ikkje song i landet
som ikkje har kvinner og born,
og makta ligg open i dagen
hos den som kan så sitt korn.
Slik drøftar vi alvor og ser
ei ny tid stige fram.
Draumen i bløming, så fager,
gjev signing til folk og land.
*54
ORD
Med ord skal vi byggje hus,
med ord skal vi gå til grava.
Ordet roper til alle.
Alt vi eig roper og roper
så verda skjelv.
Og vi skal møte ordet,
og vi skal bere det fram.
Vi skal ikkje døy i krigen,
men stige som ei stjerne.
Vår ungdom skal lyse og blinke
som spegel i himmelby.
Vi er dei nye krefter
og vi veks.
Og blomen veks i vårt landskap,
og landskapet veks i vår by
og jorda og menneskebarnet
vert vener på ny.
Jarnet og stålet og blodet
skal byggje vårt land.
Minne om det beste i livet
skal leve frå mann til mann.
Vi har ei plikt: å stå opne
i vind og storm – og stride.
Vi skal vere dei første,
og vi skal vere dei siste,
vi skal stå på vår post,
og vi skal ein gong stige.
ROM, TANKAR
Snart skal vi sprenge dette rommet.
Ballongen som er skjør, vert ingenting.
Eit monster i ei anna verd, lik jord og støv
Bak kyrkjegrind, stig opp, og spør:
Kvar er lys, og brød? Kvar er borna
Som skal vere her? Og kven er du
Som opnar vegen med dynamitt? – Ein engel?
*55
ANNE
1
Mjuk hadde ho vore
og augo fløymde kringom meg.
Bilete i stova, sommarsol,
kvelden som kom, utan deg.
Gjev meg handa di, Anne.
For Guds skuld, la meg få kysse deg.
Eg har ikkje ord,
makteslaus er eg, og pinest.
Kvite fjell, kvite fjell:
Minnest du barndomen, Anne?
Eg ville gjeve deg ein blom
før du for.
Ekkoet dirrar i hjarta,
tankane gneg og gneg.
Du var ei bru,
eg ville gå der.
Du var i romet
og eg laga eit bilete,
så vart du driven på flukt.
Hadde ikkje du vore,
var ikkje eg.
Syndfloda kjem nær oss,
bølgene kjem inn glaset
og stenger vegen.
2
Eg ser kor du græt, Anne,
med augo mot jorda.
Du kryp i ei skyttargrav
og vert polt mellom steinar
og hendene peikar opp
som ei rot frå eit veltetre.
Eg ser ørkensanden kome
oppetter føtene mine,
og høyrer kamelar på slettene
og leopardar i skogane,
eg luktar eld og ser flammar
i steppegraset.
Huset vert øydelagt,
og eg som tilhøyrer den nye generasjonen,
eg som skulle leve vidare,
måtte gå i kloster, og døy.
Slik var lagnaden.
Eg såg leppene dine stivna, Anne,
eg såg ei eldglo i havet,
eit fuglelæger i Sibir,
brotsverk mot mennesket.
Kan du tilgi meg,
eg vil så gjerne ligge roleg i grava.
Det var eg som hadde feil, ikkje du.
Ikkje gråt, Anne, ikkje gråt, men smil.
Sjå morgonen kjem etter dette,
etter torturen er frigjeringa,
og eg kjem ut or murane.
Saman skal vi bygge ei bru, plante frø,
gå inn i huset og sjå på bileta.
Vi er menneskebarnet, vi er livet
som går vidare
saman om å bygge eit slott, eit paradis.
Og hagen skal ha frukt til alle.
*56
ANNE, EIN GONG TIL
Når prærien brenn, Anne,
når vener reiser sin veg,
når kjernekometar sloknar
i sårbare netter.
Når alt er ein draum,
når kvinnene reiser sin rygg
og vert det einaste emne.
Når hauststormane uler
og folk går att i ein ny ham,
og synd ikkje er meir
og du har tilgjeve meg,
da kjem freden til landet.
ORD
Med ord skal vi byggje hus,
med ord skal vi gå til grava.
Ordet roper til alle.
Alt vi eig roper og roper
så verda skjelv.
Og vi skal møte ordet,
og vi skal bere det fram.
Vi skal ikkje døy i krigen,
men stige som ei stjerne.
Vår ungdom skal lyse og blinke
som spegel i himmelby.
Vi er dei nye krefter
og vi veks.
Og blomen veks i vårt landskap,
og landskapet veks i vår by
og jorda og menneskebarnet
vert vener på ny.
Jarnet og stålet og blodet
skal byggje vårt land.
Minne om det beste i livet
skal leve frå mann til mann.
Vi har ei plikt: å stå opne
i vind og storm – og stride.
Vi skal vere dei første,
og vi skal vere dei siste,
vi skal stå på vår post,
og vi skal ein gong stige.
SKYER
Vindane pussar fjellet
Og skyer tek av.
Ein stad er det regn eller sol.
Skyer siglar i sør og nord,
På blådjup himmel,
Og skriv med silkefjør
Gåta om livet.