FJERDE DEL – DIKT 1968
*24
Å SJÅ INN I FRAMTIDA
Å sjå inn i oss sjølve,
det er framtida vår.
Å sjå kven vi er
kan gje opne sår.
Vi toler ikkje svaret,
det kjem som ei mare.
Å sjå inn i framtida
er å sjå inn i ljoset.
Ingen kan gjere det
utan å verte blind.
Vi sjølve er framtida,
og svaret, at vi er til.
I KVELD
I kveld er eg einsam, i kveld er eg ikkje glad
Eg går med eit svik i hjarta.
Eg hugsar kvart ord eg sa – og ho sa.
Det er kveld, og eg er aleine i verda,
i ein skog, på eit fjell.
Her står eg, og ho som eg ville eige, gjekk heim
I kveld kan alle få meg. Eg er til sals i kveld
Hjarta er uroleg. Eg pinest å gå slik.
Eg skal vekse og verte ei borg.
I kveld skal eg gå inn i borga, legge meg ned
og kvile. Eg skal vakne under open sol
og draumen skal fange meg – i kveld.
*25
EG LEVER
Dette er meg, sjølve meg.
Mitt hovudplagg er teke av.
Eg står ved elva Eufrat og græt,
eg står ved ei open grav.
Eg lever, eg lever som ein Abraham
som tok sin hyrdingstav og gjekk
der Herren synte veg.
Eg lever mitt eige liv, eg ser
meg sjølv gå bort ein dag.
Eit slott står att,
og kven skal arve det?
Eg lever, du, eg lever sjølv
om livet er så tynt som tråd.
Gud skapte oss. Gud skapte med sitt ord
og gav oss augo til å sjå.
FERIEDRAUMEN
Å ha det fritt og flott som byfolk har,
å gå i gatestøv ein dag
og finne parken, med ein benk,
og blomar tett ved sida mi.
Eg orkar ikkje tenkje på eksamen nå,
eg orkar ikkje bere så mykje bøker
på min veg. Ei bør er nok.
Tida krev. Eg spør meg fram til ven, til ven,
og går i vind og klagar ikkje. Eg er fri
og tenkjer fritt, men spør:
kvar skal eg finne venen min
i landet mitt og ditt?
*26
I DRAUMEN
Ein sommarkveld med vindauget ope.
På bordet ligg eit ark, eit brev.
Eg skulle skrive for lenge sidan.
Det er ein draum eg ser.
Ho skreiv til meg, ei hjartegod jente.
Eg sit i rommet og tenkjer.
Det bankar på,
og nye augo kjem på vegen.
Og livet blømer fritt. Eg pyntar huset,
og dreg til deg i draumen.
Ei fager kveldssol smiler i rommet.
Du er det vakraste eg veit.
Du er vårsol, lengt,
god som gull,
eit hjarta med heilag fred.
I JESU NAMN
Vi blundar inn i Jesu namn.
Vi vaknar med Frelsaren om bord.
Vi går vår veg ei lita stund,
så møtest vi,
så ser vi alt hos Gud.
Han gav oss ljos, han gav
si eiga sjel for oss.
Hans kjærleik er vår trøyst,
og vegen går om Golgata.
Han gav seg sjølv
for oss.
*27
NÅ ER EG FRI
Nå er eg fri frå skulen, nå
kan eg leva fritt,
nå kan eg setja eigne krav
og krevje fridom for vår bror.
Nå kan eg synge fritt min song
og gå igjennom eld og vatn
og finne sjølv det inste
i mennesket, i natta.
Nå er eg fri.
TIDA GÅR
Snart er vi gamle folk. Eg eldest, eg.
Den elsk eg gav, den elsk eg fekk
var vigd til deg.
Den tid som krev vårt rekneskap,
er Herren sjølv, min Gud.
Gi alle må få leve trygt, i fred og tru,
og kjenne deg, som er vår rette far,
mens tida går i veg på hjul,
til vinning eller tap.
VERDA
Verda er ein blomehage.
Kor mange menneske er blomar?
Sjølv er eg konge, ein fuglekonge
som fyk over alle land.
Ei ånd trivst best i fugleverda.
Her er fred mellom alle.
I april, når blomane sprett
skal eg så frø på marka.
Sidan skal eg døy, men leve
i himmelriksverda med Gud.
Trøyste dei små, og lære vegen,
og Herrens heilage bud.
*28
NATT
Med sol i hav, med folk på dekk,
med fisk i garn, og fugl som skrik,
er landet som eit eventyr.
Og månen kjem med gull og sølv,
og fisken vaker til min song:
Eg elskar deg.
Snart er det jul, snart blæs det opp,
og alle halar siste fangst,
og alle får eit farleg strev
å finne land.
Regnet kjem, og regnet ristar
hus og heim.
Vi elskar våre born, vi elskar
dei som elskar oss.
Og dagen går og natta kjem,
og draumen tek oss med.
Ei lydlaus kjerre svingar inn.
Vi er i natta, du og eg,
i eventyret.
HELSING
Helsing til alle ved fjorden:
Jesus går kringom i dag.
Han er sigerherren,
han fører deg fram
til fridom og fred.
Og der får du alltid sjå
herlegdomen, livet i all si prakt.
Slik Gud skapte verda,
slik vil han det skal vera:
utan synd, utan død,
utan naud og last.
*29
MØRKE SJEL
Eg gruvlar titt på dauden,
eg ser syner dag og natt.
Den pinsleverda vi lever i,
slit i oss og dreg oss ned.
Vi legg oss i kvelden, og søv
i kolsvart natt, i draum.
Vår sjel er ikkje løyst av Gud.
Vi lever med tunge lenkjer.
VANDRING
Vi søkjer aust, vi søkjer nord,
vi søkjer vest, vi søkjer sør,
vi kjenner vegar kring eit bord,
vi går til fest,
vi går vår veg
på attgrodd jord.
Vår sti er smal. Vi søkjer opp
mot fjell, mot Gud
som gjev oss fred
og kjenner våre tankar vel.
NORA
Ei jente på fire år, så snill og glad.
Om sundagen ho fer med far
og får sin blom, og får sin mat,
og veks og vert stor.
Snart seier ho farvel, farvel.
Og hunden gøyr når jenta fer.
Vi kjenner alle korleis ho var:
ein draum, ei gåve, eit smil,
og song i barnekor.
Eg lyser fred.
*30
MÅLSMENN
Mine målsmenn legg krossane ned.
Striden er ferdig.
Den gamle tida kjem ikkje att.
Ord er ein skatt.
Målsmenn i Gamlelandet
er ferdige med sverdhogg.
Nå må dei plante frø og gjødsle
og la nye skot vekse opp.
MIN PLAN
Eg har tala og lagt min plan, seier Herren.
Heile landet skal verte aude.
Sola skal syrgje og himmelen svartne.
Fangane skal verte frie.
Dei har ofra til andre gudar, seier Herren.
Herrens ord ligg dei ikkje på hjarta.
Andleta deira er harde som stein.
Dei vil ikkje vende om.
Difor må Herrens plan kome til folket.
KONGSTANKAR
Lukkelege dagar på Bikini.
Eg var konge for tretten mann.
Alle ville ha seg ei kone.
Eg gav dei både kone og land.
Dei tala eit mål eg ikkje kjende.
Dei bygde hus.
Eg fekk meg ein båt i gåve,
og sigla ut.
*31
BLOM PÅ MI GRAV
Blom på mi grav,
falda seg ut.
La skuggane tale til dei som ventar
den levande Gud.
Ta meg i handa før eg døyr.
Sjå kven eg er, les det eg skriv.
Notata mine er biografi.
Alt eg er, bind meg til verda,
men Gud gjer meg fri.
Sjå til mi grav,
plant blomar og tre.
Eg elskar det levande strå.
Kvar blom er eit ord for dagen,
born i ei grøderik jord.
Kvart tre er skog for mitt hjarta,
himmelske tonar og fred.
PROLOG
Vi må elske vår far og mor,
vi må heise vårt reine flagg.
Vi må elske vår norske jord
og sjå mot ein framtidsdag.
Vi må vere folket som kjem og kjem
med stadig nye krefter.
Vi er dei unge, vi er
framtida, utan trælekår.
Vi er det nye Noreg.
Sjå til å fyll dine sprukne kar.
Sjå deg i spegelen.
Eit folk som søv er eit skremslesvar.
Vi må vakne, og vekkje våre brør,
elske det gode i verda.
Då vil vi sjå at våren kjem
til alle som lever.
*32
NOREG
Dette er landet du elskar så høgt.
Du ligg på kne under grana.
Mor Noreg, i deg vil eg byggje mitt hus.
Eg vil ri stormen på havet.
Dette landet Harald samla
og Olav kristna med sitt blod.
Noreg står høgt i heile verda
med sitt flagg og kyrkjekor.
Nå er freden komen, kjære.
Landet er ei elska bygd.
Ja, vi elskar fedrelandet.
Freden er vår beste trygd.
HO SA HO VILLE DRIKKE
Det var som eit skremsleskot.
Ho sa ho ville drikke.
Ho brydde seg ikkje meir.
Ho ville henge på gjerdet,
slå livet i hel.
Dei sa ho hadde slokna,
men ho levde i rus.
Kvifor skulle ho morkne slik?
Ho hadde heim og hus.
Det var noko vondt i sjela.
Vondskapen var for stor.
Ho var vorten træl av verda
og høyrde ikkje Herrens ord.
*33
INNOVER
Innover, innover, inst i vårt hjarta
ropar vi: Gud!
Mennesketreet i skogen ropar:
Kven er eg?
Framtida ropar imot oss.
Menneska går med briller.
Det er ikkje berre segn.
Vi skal leve på den nye jord.
Innover, innover, inst er vår folkesjel.
Noreg har mange bruer,
mange stengsler.
Noreg er ei tidsbølgje som ropar:
Hjelp!
DU
Ei sol er du, ei stjerne på mitt hav.
Kvart snøfnugg vitnar om ein draum, om deg.
Du ler imot meg, går din veg.
Ditt hår er falda ut.
Eit jubelbrus i skog og vind
er du som stormar fram.
HUSET
Bror min hadde eit hus.
Eg ville eige det huset.
Ein morgon var huset borte.
Eg kjenner ikkje bygda igjen.
Eit hus og ein morgon
og born som kjem.
Slik er landet, det nye landet,
ved ein annan veg.
*34
KOM I KVELD
Kom hit i kveld,
kom til mitt kloster.
Spør etter meg.
Dine hender talar.
Eg græt i di hand.
Kom, så er vi saman.
Ditt hjarta brenn.
Eg ser i dine augo
i ei anna verd.
EI STUND
Ei stund er vi saman.
Vi gjev av vårt liv.
Ei stund held vi varmen.
Ei stund skal vi sjå dette romet
og bygge vårt alter for Gud.
Så er vi ved same målet.
Ei stund er vi aleine.
Vi elskar og et i lag.
Så ser vi attende og græt.
LANDET
Her kviler auga, her er eg fri.
Dei grøne vollar og bratte fjell
gjer hjarta godt.
Eg elskar desse breie smil
og høge spir.
Eg elskar fjord og fjell og foss
og åkerjord og skog, og eventyr.
Snøen veks og bekken frys, og borna ler.
Nå er det vinter. Våren kjem,
og sommar, haust. Ein krans av sol
og regn, og kjærleiken til deg.