Lauvaas Lyrikk

Poesigalleri – SigveLauvaas – Landskap, Kunst, Ord

Uncategorized

LANDSKAP** (1965-66) Dikt av Sigve Lauvaas s.2-9

LANDSKAP
I
Dikt
1965-1966
Sigve LAUVAAS
NOBEL FORLAG
FØREORD
Med denne samlinga av dikt har eg funne plass for dei første vers, dikt frå 1965-1968. Eg har måtta fila og pussa på ein del av dikta, men så har også lang tid lide. Mest alle dikta som nå stig fram i bokform, er ikkje tidlegare komne på trykk. Det er eit vell av tankar som bur i mennesket. Og det er underleg med dette ordet – som får sjela til å lyfte seg. Vi er nok alle på veg med noko, berre vi kjenner etter.
Soga fortel om Ordet si skaparkraft. Eg sjølv brukar ordet i dikt. Det er ein del av livet å setje ord på tankane, det er trøyst og styrke i tida. Eg ønskjer at mange vil finne hugnad i orda som nå kjem, silte og ferdige. Ord er som eit brev, det vil gjerne
møte nokon heime.
Dette er første samling dikt frå mi hand. Å la desse dikta kome for dagen, er som å utgje seg sjølv. Diktinga har auka på seg for kvart år, med ein topp i 1971 og 1972. Vegen for oss alle kan vere kroket, men fram skal vi – med heile vår sjel. Opne er vi berre for dei næraste. I dikta brettar eg livet ut. Slik er eg, slik har eg levd. Og ingen kan gøyme seg for sola. Og sanninga skal fram. Vi er berre tenarar for Ordet.
Dikt frå min kvardag kan vere tunge og triste, men i blant stig sola fram. Med denne samlinga er første bandet i serien DIKT I SAMLING eit faktum, og eg ønskjer alle gode lesarar til lykke på reisa i eit nytt landskap.
Forsand, 17. juli 1990. Forsand, 17. juli 1992.
Sigve Lauvaas
Copyright:
Lauvås Forlag 1994
ISBN

82-7187-011-1

FØRSTE DEL – DIKT 1965
Side 2-9 
MIN FAR
Min far, dette landskap,
desse arbeidsnevar,
jorddyrkaren, gartnaren, bonden,
skogsmannen, steinmannen, hjartemannen,
min far i ein båt på fjorden
på sine gamle år.
Han tykkjer han må gjere noko
med den vassjuke molda
og grev og grev,
veitemannen, kjeldemannen,
min far.
SOMMAR
Nå er dagen komen, nå veks blomen
og sola stig og borna spring
og verda syng
og fuglen byggjer av strå sitt slott.
Høgt syng dei små i dal og li
ein sommar.
EG TENKJER
Eg må tenkje om verda sviv,
om alt går rundt seg sjølv.
Eg går i fjell i tidleg vår,
eg høyrer fly.
Eg drøymde krig natt etter natt,
eg bad til Gud
at kampen måtte gå forbi,
og eg vart fri frå mareritt,
og vinden ulte:
Tida har det beste svar.

Side 3
BJØRK
Eit bjørketre, eit tre med lange røter
kryp inn i stova, inn
i alle folk,
og fuglar byggjer
og dreg sin veg.
Ei bjørk er sogesus i meg.
Eg kan ikkje hogge mitt eige tre,
kan ikkje gå med eit banesår.
Varleg kjempar vi, varleg trør vi
og går vår veg
og høyrer ord og namn
og klemt frå kyrkjetårn.
I MØRKE NATTA
Nå søv eg, søv i natta, søv
og tida dreg forbi.
Eg drøymer tidt, eg har ein draum
og vaknar
og ser sola snur.
Mørke natta.
Snart vil ljoset stige
og du vil vere der.
Eg står under eit tre aleine
og du er i vinden
og vi går ein morgontur.
I NATTA
I natta seine eg såg ein engel,
ein kvit engel, eller
var det Jesus.
Tanken sveiv, tanken steig mot himmelen
og Gud stod ved sida mi.
Eg var urørleg, svimmel.
Så gjekk eg ut i hagen min.
Side 4 
SKULE
Ein gut gjekk til skule
sliten, trøytt.
Læraren gav lekser, men
guten ville ut i skogen.
Han la seg under eit tre
og sovna der, og vakna
då skulen var slutt,
og guten var glad.
Guten gjekk sin eigen veg
ut i verda, og fann gull.
Han stridde for landet
og hadde diktargåva og teikna.
Han døydde tidleg. Minne
reiser seg og bileta fortel.
Guten var mild som ei sol,
men kvass som ei øks i ord.
EI GRAN
Ei gran er ei gran, ei osp ei osp.
Eit tuntre har mange greiner.
Vi er tre med hender i luft.
Vi har vinterfrakk.
Medan sommarsola skein
beit fisken i fjorden.
Fuglen fauk frå grein
og vinden kom og vinden kvein.
Og elgen renn inn i skogen
i lange svarte netter,
og grana dirrar og månen skin
i snø og vinterspor.
Side 5 
VÅRTONAR
Vinden skuva mot osp, mot gran,
sola i åsen blenka.
Lykkelege tider, eg ventar ein ven.
Spegelen gir oss eit bilete
og talar så reint som eit hjarta.
NOREG
Det landet eg kjende
som liten gut,
var Noreg med øyar og skjær.
Dei ukjende land ser eg bort ifrå
når Noreg, mitt land, er meg nær.
Eg ser det så for meg
på havet, det blå,
det landet i nord, som eg er ifrå.
Noreg, Noreg.
MIN GAMLE STAV
Min gamle stav, mitt gode stø,
du kjære, la meg ikkje trø.
Du er meg til glede,
du er meg til gagn.
Når natta kjem
er du mi segn.
LANDSKAP
Opp og ned, bort og fram,
Det er livets altargang.
Audmjuk må vi alle vandre.
Døden er bak alle andre.
Vi skal leve.  Lat det skje.
La oss alle finne varmen,
Kjærleiken i vinduskarmen,
Vakne opp i landskapet.
Side 6 
EG SKRIV
Eg skriv namnet,
og namnet skriv meg.
Livet er kort.
Kor gamal er eg?
Eg skriv i stein.
Ordet skal vara.
Ordet er gåva.
Alle lyt svara.
Eg skriv namnet,
og namnet er eg.
Livet er blomen
på Herrens veg.
DU FINN IKKJE NOKON
Ingen er som du.
Du finn ikkje nokon på vegen
som er akkurat slik.
Ingen blad på treet
har same nett av trådar.
Ingen vev i Herrens hus er kopi.
SOL
Så lenge eg lever er du mi sol,
Ei stjerne i livskvelden.
Eg ser deg i draum.
Eg lengtar til deg,
Natt og dag, så lenge eg er,
Og du er mitt lys,
Kraft og veg, på blåe hav.
Eg elskar deg.
ANDRE DEL – DIKT 1966
Side 7 
VEGEN
                                                                                                  
Vegen kan vere bratt
for ein liten kropp,
vegen kan vere tung
for ei gamal kjerre.
Men ungguten må halde fram
og jenta må aldri gi opp.
Vegen skal møtast for alle.
         
Vi er alle ein veg,
og vi skal alle svare
for det vi gjer.
UNGDOM
Ungdomen går til skule, ungdom les,
ungdomen skjønar mykje, og dei ser.
Det går fram med tida.
Tida er her.
Det rullar som havet, som bylgja
fram til ei ny verd,
fram til siger.
JORDA SKJELV
Det er langt på natt, jorda skjelv,
ørkensanden sveipar over Afrika.
Menneskebarnet leitar i sanden
etter ein oase, vatn.
Kamelane stuper, ørkenhundane gøyr
før dei roar seg.
Jorda skjelv for våre føter.
Alt er i oppløysing.
Det kan ikkje halde fram slik lenge
med dirrande sol,
med blod langs vegane.
          
Side 8 
LIVET
Nå skal eg på nytt få leva
og veksa i ord og draum,
og saman med husbonden slita
og vera ein silkesaum.
Nå skal eg stiga, og takka i hand
dei vener eg møtte.
Eg skriv ned i ei bok det eg veit,
og ein gong skal slekta få kjenne min veg,
og striden eg braut, og livet,
og alt eg laut lida.
Eg skal finne fram perlene,
Krystallkula og spegelen,
Og dikta i syner og draumar.
SOV GODT
Nå er det mørkt på jorda. Sov godt.
Sov alle fuglane mine.
Og du skal sove, vesle bror.
Sov godt, sov i fred.
På bordet står ei krukke med gull.
Sov godt i natt.
I morgon kjem di eiga mor frå Afrika.
Du er ein skatt, ei perle fin.
Sov, min vesle bror, og drøym og drøym
at alle born har det godt på jord,
at alle våpenhus er brende ned.
I morgon skal vi synge, bror, om fred.
     
Side 9 
DET GAMLE EIKETREET
                                     
Den gamle eikekrona bøyer seg i storm.
Vinden ruskar i greinene
og jagar over mark og eng.
Dyra står med luta nakke
og ser den siste timen kjem.
Det brakar laus, det blenkjer lyn
frå himmelkvelv.
Soga får nye namn. Gravplassen ventar.
Våren kjem grøn, og hausten,
og vinteren kjem,
og eika står med sin veldige kropp
og ragar i sky.
Så kjem orkan,
og eiketreet brest, og jorda skjelv,
og borna og dei vaksne græt.
Så vert det kveld.
I DRAUMEN
Eg gjekk i draum, i skog og fjell,
eg gjekk med ord og forma dikt.
Eg låg og stirte mot ei stjerne,
eg talte med Gud Fader sjølv,
eg planta tre.
Av Ordet vart vår skapnad til.
Av Ordet forma Gud si verd.
Ordet, det er draumen min:
å skape lys slik Herren gjer.
ORD
Orda kjem som lys i meg,
som syner, bilete   og draum.
Kvart ord er lykter på ein veg
Som fører opp og fram.
Mot høge tindar går min sti.
Eg elskar å sjå verda frå ei stjerne.

Leave A Comment